Ei reise langs Sognefjorden er ei reise i opplevelsar og gi deg kjennskap og smak til mange av dei gode spesialitetane som finns.
Cider i Sognefjorden, Lokal mat & drikke, bar & pub, Kafe & kro og restaurantar finn du langs heile Sognefjorden.
Om våren blømer frukttrea, og om sommaren finns det morellar, bringebær og jordbær. Om hausten er det frukt og villt og heile året er det mange spennande variantar av lokale råvarer å smake på. Som turist kan du reise frå bygd til bygd og oppleve det spennande bygdemiljøet og smake på dei lokale produkta.
Eit tips er å reise innom Sognefjord Kaffibrenneri i Sogndal der du verkeleg får smake på god kaffi.
Tradisjon, råvarer og vidareforedling
Fruktblomstringa i Sogn var verdskjent blant nasjonale og internasjonale kunstnarar som Adolph Tidemand og Hans Gude, Hans Dahl, Johannes Flintoe, Peder Balke og Thomas Fearnley. Sogn er det eldste fruktområdet i landet. Epledyrking skriv seg heilt tilbake til slutten av 1100-talet, då kong Sverre gjekk i land i Vik. Opp gjennom historia har det vore eit mangfald av frukt- og bærdyrking i Sogn.
I Luster dyrka dei også tobakk i ein periode. På dei beste stadane kan vi dyrka aprikos og druer berre 3 mil frå Jostedalsbreen. Også i dag er området er spesielt godt kjent for den høge kvaliteten på frukt, bær, lammekjøt, vilt, fjellaure og geitost.