Lokale spesialiteter langs Sognefjorden

Den snøkvite kveita trivs best i det kalde, krystallklare vatnet som er teke opp frå Sognefjorden på hundre meters djupn og den kalde Sognefjorden er kveita sitt naturlige leveområde. Her i ein fjord på land veks Glitne kveita fram gjennom år, og skapar smak og kvalitet. 

Sogn Aqua, Glitne Kveita

«Gamalosten frå Vik» er ein fast muggost med røter heilt tilbake i vikingtida, og namnet er verna som beskytta geografisk nemning. Den har også fått tildelt Norsk Kulturarvs kvalitetsmerke Olavsrosa.

Osten har fått stor internasjonal merksemd fordi den er eit reint og sunt naturprodukt og den inneheld lite feitt og mykje protein. Den smakar spennande saman med frukt, og er i spesielt godt selskap med salta kjeks, rømme og tyttebær.

Gamalost, Vik

Balholm as produserer i dag juice, saft, most og cider. Sidan regionen her er ei av dei eldste fruktområda i landet, har dei her samla kunnskap og tradisjon i god foreining under tema frukt. Smakfulle og spennande drikkevarer blir utvikla i lag med ny kunnskap og kreativitet. Og produkta dei skaper er populære og blir no distrubuert rundt om i heile landet.

Balholm, Balestrand

Synnøve Finden er den lokale osten som blir produsert av gode norske råvarer.

Det var Synnøve Finden, budeia frå den vesle vakre bygda Finden innerst i arm av Sognefjorden, som tok spranget og vart den første norske kvinnelege ostegrunder og fabrikkeigar av denne lokale osten.
Født i 1882, og måtte tidleg bidra på garden med å melke kuer og yste ost.

Eventyret starta då ho drog frå Sogn til hovedstaden. Synnøve Finden har i dag produksjon av ost i Alvdal og i Namsos.

I mikrobryggeriet Balder Brygg på Hermansverk råder den lokale entusiasmen, og dei lyfter fram meir enn tusen års heimebryggtradisjonar. Balderøl er eit lagerøl, der dei lyfter gamal øltradisjon mot eit uttal smaksrike øltypar. Eplepils er eit symbol i den store fruktbygda.

Lerum har lage tradisjonar som saft og syltetøy produsent, og alt starta på Sørheim gard i 1907 på sørsida av Sognefjorden.
I saftbygda blir det i dag produsert saft, syltetøy og jus. Familien Lerum har i meir enn hundre år foredla produkt av frukt og bær.
«Heimafrå» syltetøy har eit stort utval av smakar og laga med stoltheit, kjærleik og mykje friske frukt og bær og gir den gode smaken.
 

I Lærdal blir det dyrka poteter og grønsaker av alle slag, gulrøtter, kål, blomkål og seinare nykomarar som graskar, aprikos og tindved er blitt smakfulle ingrediensar til gourmetrettane i regionen.

Lærdal produserer og dei finaste og mest smakfulle bringebæra og har blitt kåra som «Lærdals beste» og vunne konkuransen i Det Norske Måltid 2018.

Blomkål i Lærdal

I sjarmerande Undredalen, midt i Verdsarvfjorden, finn du eit anna ysteri, Underdal stølsysteri som har uendelege lange tradisjonar på ysting. Her blir det produsert både kvit og brun geitost, og her kan du bli servert eit ekte oste-måltid midt mellom fjord og fjell.

På Ægir bryggeri i Flåm er det eit moderne håndverksbryggeri som legg all sin kunnskap og lidenskap for å skape eit kvalitetsøl med den gode smaken. Råvarene er dei beste merka og produsert med det friskaste fjellvatn. Her dei produserer dei ei rekke typar øl å smake på, både meir kjende ølsortar og det blir stadig utvikla nye ølsortar med spennande smakar. Ølet blir skapt til å smake godt til ulike typar mat og gode måltid. 
I bryggeri- huset er det både pub og restaurant i eit særeige miljø.

Føl oss på Instagram