Lokalmat og drikke

Sognefjorden og Sogn er ikkje berre fantastiske fjordar og fagre fjell, men også eit område som byr på eit aldri så lite kulinarisk eventyr. 

Det fruktbare jordsmonnet, forma av gamle isbrear, har gitt opphav til råvarer av høg kvalitet. Noko som er med å gjer Sognefjorden til ei skjult perle for matentusiastar.

Fersken

I Lærdal finn ein eit imponerande utval av frukt og grønt frå lokale gardar. Dei lokale bøndene er stolte av å dyrka poteter, gulrøter, kirsebær, fersken og aprikosar. Dei beste råvarer takka vera det unike klimaet i Lærdalsdalen.

Lokale ingrediensar finn vegen til tallerkenar og restaurantar over heile regionen og dei flottaste restaurantane i dei største byane.

Bringebær

I Vik og Vangsnes står bringebær i sentrum, og lokale bønder bidreg til eit av dei største områda for bringebærproduksjon i Noreg. Dedikasjonen til berekraftig jordbruk sikrar at bæra ikkje berre er herlege, men også blir dyrka med stor omtanke for miljøet.

Vikingepler

Eit eple om dagen. Med historie djupt forankra i vikingsoga, er Sognefjorden ein spesiell region. Regionen er heimstad for nokre av dei eldste eplehagane i Noreg, og historien i Njåls saga gjer dette til det eldste skrivne me veit om epler i Noreg. 

 

Cider

Sognefjordregionen kan skilta med ein blomstrande epleindustri. Epla blir ikkje berre nytta ferske, men finn også vegen inn i produksjonen av utsøkte cider. Ein Cider som også har fått internasjonal anerkjenning og vunne prestisjetunge prisar.

Du kan besøkja mange gardar som produserer og sel cider. Har du vore i Frankrike eller Toscana, bør du besøkja ein av Sidergardane i Sognefjorden.  Cider frå Sogn står ikkje i vegen frå noko. 

Apropos Frankrike og Italia...

Fin på vin?

Sognefjorden gjer seg også notert i vinbransjen. Med over 20.000 vinranke er ein ny kultur og produksjon i emning, Den gode morenejorda er ei gåve frå dei gamle isbreane. Som gjev eit perfekt jordsmonn for  produksjon av vindruer. Om kun få år så vert Sognefjorden ein eigen vindestinasjon. Vektlegginga av lokal mat er ein hjørnestein i den kulinariske  Sognefjorden. Her finn du  restaurantar av høg kvalitet som syner fram rikdom av lokale råvarer. Frå gard-til-bord i Lærdal, til sjømatrestaurantar langs fjorden,  unike historiske matopplevingar til ein fusjon med snitt til internasjonalt kjøken. Lokalt og kortreist er uansett ein fellesnemnar. 

Lokalmat Sognefjord

Mat & Drikke på Fretheim Hotel i Flåm
Photo: Vegard Aasen/VERI Media

Opplev lokalmaten

Matkonsept som er basert på Norske og lokalproduserte råvarer som er i sesong

Landhandel, Lærdal
Photo: Vegard Aasen/VERI Media

Utsal lokalmat

På ei reise langs Sognefjorden kan du stoppe ved dei ulike landhandlarar og utsal.

Føl oss på Instagram