Museum, Besøkssenter & Galleri i Sogn

 

I Sogn finn du eit variert tilbod av kunst, kultur, fakta og historie formidling.

 

Heibergske Samlinger: Eit glimt inn i fortida

 

Velkomne til eit av norges største og eldste folkemuseum, De Heibergske Samlinger! Opplev levd liv i Sogn blant  bortimot 40 historiske bygg, og spennande utstillingar.  

Friluftsmuseet ligg i eit flott natur- og kulturlandskap, med slåttemarker, åkrar og beiteområde. Her er gangvegar og stiar, leikeplass og naturløyper, som gjer museet til eit attraktivt turområde for store og små. 

Store delar av kulturlandskapet på museet er knytt til 1800-talets jordbruk, og i sommarsesongen driv museet ein gard slik dei gjorde i Sogn for om lag 150 år sidan.

I museet sin store hovudbygning finn ein tre etasjar med utstillingar knytt til jordbruk, handverk, tekstilar og klede, mat og drikke, og ei utstilling knytt til høgtidsdagane våre. Ein kan sjå gamle handverkstader, gå på besøk til det gamle tannlegekontoret eller kika inn i den gamle krambua. Ei eiga utstilling for born og unge syner korleis bornas kvardagsliv arta seg på starten av 1900-talet og korleis unge sogningar hadde det i år 2000. Her er det leike- og aktivitetsområde der borna kan prøve seg på gamle leiker.

 

Villakssenteret i Lærdal

Følg laksen gjennom oppveksten på Villakssenteret i Lærdal

I utstillinga kan du følgje laksen gjennom oppveksten i elva, vandringa ut i storhavet, tilbake inn fjorden og opp fødeelva til han møter fossen der han ikkje kjem lengre.

Kva møter han på sin veg? Kva har laksen betydd for oss? Korleis står det til? Korleis påverkar mennesket livet hans før og no? Korleis ser framtida ut?

Me tek i bruk film, lyd, store projiseringar og bilde. For deg som vil ha meir informasjon har me interaktive skjermar. Det er quizar og utfordringar for små og store. Du kan gjere det heile på 20 min eller bruke heile dagen.

 

ViteMeir på Kaupanger

Vitensenteret ViteMeir på Kaupanger i Sogndal har spennande aktivitetar for store og små. Ta med familien på ei artig oppleving. Vitensenter på Kaupanger 10 minutt frå Sogndal.

Her finn du morosame opplevingar og lærdom for vaksne og barn. Vil du vite meir? Ta med familien på besøk!

 

Reiselivsmuseet i Balestrand

Norsk Reiselivsmuseum er eit unikt, digitalt og moderne museum, som tar for seg bakgrunnen og utviklinga til reiselivet i Noreg. I dag er Noreg ein av verdas mest kjende destinasjonar. Historia om korleis dette skjedde er historia om framveksten av eit nasjonalt image vel så mykje som historia om korleis Noreg vart oppdaga av det internasjonale publikum.

 

Norsk bremuseum i Fjærland

Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten er eit interaktivt museum for heile familien som gir deg kunnskap om brear og klima på ein ny og spennande måte.

Føremålet med Norsk Bremuseum er å samle, skape og spreie kunnskap om brear og klima. Stiftinga si verksemd omfattar naturvitskaplege og kulturhistoriske fagfelt. Bremuseet syner samspelet i naturen og mellom natur og menneske - gjennom avansert filmteknikk, interaktive modellar og dine eigne eksperiment med ekte bre-is. Norsk Bremuseum er for det nyfikne mennesket.

 

Breheimssenteret i Jostedal

Breheimsenteret er besøkssenter for Jostedalsbreen og Breheimen nasjonalpark. Senteret ligg i Jostedalen, med utsikt rett mot Nigardsbreen. Her kan du oppleve breane på nært hald, nyte god mat og lære mykje i utstillinga.

 

Føl oss på Instagram