Ein av dei vakraste togreisene i verda
Flåmsbana har blitt beskrevet som ein av dei vakraste togreisene i verda og er ein av dei største turistattraksjonene i Norge. Toget går frå enden av Aurlandsfjorden, ein fjordarm til Sognefjorden, opp til høgfjellet ved Myrdal Stasjon. Reisen gjennom Flåmsdalen viser Vestlandets natur frå sin aller beste side.
Flåmsbana: Flåm–Myrdal–Flåm
I løpet av ein time tar toget deg fra havnivå ved Aurlandsfjorden i Flåm til Myrdal, ein fjellstasjon på 867 moh. Myrdal er også ein stasjon på Bergensbana, som gjer det enkelt å kombinera Flåmsbana med tog frå/til Bergen eller Oslo.
Frå dei behagelege klassiske togkupéene ser du Flåmsdalens varierte landskap gli forbi utenfor. Før toget stiger opp i dei meir ufremkommelege delene av dalen, passerer det jordbrukslandskap, gamle Flåm sentrum og kyrkja frå 1670. Den glitrende blå elva følger jernbanen store deler av turen, og du vil legge merke til små gårdar på stadar man skulle tru at ingen kunne bu.
Toget tek ein fem-minutters fotostopp ved Kjosfossen, der du kan gå ut på plattformen. Sjå opp for Huldra – den vakre mytologiske skapningen med langt hår og raud kjole!
Bestill nå