Dei mest kjente fjellturane ved Sognefjorden

 

Den finaste turopplevinga er den neste

 

Kring Sognefjorden finn du fleire av landets flottaste fjellturar. Veldig mange med fjordutsikt, men også turar i djupe dalar og i høgfjellet nært dei store breane. Nokre seier også at det er blant dei flottaste turopplevingane i verda. 

 

Området er kjent for det fantastiske fjordlandskapet, mektige fjell og eit mangfald av turstiar som kjem alle entusiastnivå i møte.

 

Sognefjorden

Kronjuvelen i Sognefjordregionen er utvilsamt Sognefjorden sjøle, kjend som kongen av fjordane. Som verdas lengste bebudde fjord, har den ei fengslande blanding av asurblått vatn, majestetiske fjell og frodige grøne dalar. Besøkjande kan beundre det stadig skiftande vêret og ofte oppleva alle fire årstider på ein dag. 

 

Dette unike fjordlandskapet legg grunnlag for eit fascinerande utandørseventyr. Så pakk turskoa og hopp på.

 

Varierte turstiar

Sognefjordregionen vend seg til turentusiastar på alle nivå, og tilbyr ei mengd stiar som snor seg gjennom dette unike landskapet. Anten du legg ut på ein familievenleg spasertur eller søkjer utfordringa med meir krevjande ruter, er alternativa rikelege. Frå Aurlandsdalen, ofte referert til som Noregs svar på Grand Canyon, til fossefalla i Utladalen, to av Noregs fagraste dalfører. 

 

Fjordutsikt 

Fjordnære fjell med lett tilgang til den fagraste fjordustikta.  Det var ein som sa, at ein skal verte gamal skal ein rekke over alle dei fagre turane som ein finn kring Sognefjorden.

 

Bre-magi

Sognefjordregionen er også heimstad for fastlands-Europas største isbre. Dette fører til at landskapet i umiddelbar nærleik til isbreane er veldig unikt, og gjev naturopplevingar ulikt det meste du har sett før.  Eit karrig og nedslipt brelandskap, til dei første spirane, og tett skog. Ein kan følgje heile syklusen som skapar livet og naturen. 

 

Her har du ei liste over dei mest populære turane:

Føl oss på Instagram