Enkle dagsturar i Sognefjordregionen

 

Utforsk fjellheimen

Sognefjordregionen byr på ei mengd turmoglegheiter for friluftsentusiastar på alle nivå.

Anten du er ein erfaren turgåar eller nybyrjar, finn du merka ruter og stiar i dette verdskjende fjordlandskapet.

Lette og enkle dagsturar vert definert som turar frå 30 minutt til 2 timar, og gjerne ikkje meir enn 200 høgdemeter. Turane går stort sett på gode og godt merka stiar, slik vert dei meir overkommelege for born og eldre då vanskelegheitsgraden er lågare. 

 

Nokre eksempel på enkle dagsturar: 

Ovriseggi i Vik: Ovriseggi er ein kjempeflott tur som ikkje er for bratt, den går litt opp og ned frå startpunktet på parkeringsplassen, og gjev fort ei formidabel fjordutsikt over Vik og over mot Balestrandsfjella.  Turen kan gjerast lang, men utsikta kjem med ein gang. Den enklaste turen startar frå bildøra på parkeringsplassen og går så langt ein vil, høgdekjensla og meistringsfølelsen for små born treng ein ikkje jobbe så altfor hardt med på denne turen. 

Orrabenken Balestrand: Ein fin tur på god sti opp gjennom skogen fra Balestrand, no og då ser ein den flotte Sognefjorden mellom trea, jo lenger ein går oppover jo meir utsikt får ein.  Det er mange variantar å velja mellom og stiane er godt tilrettelagde og merka. 

 • Høgåsen Aurland: Dette er utsiktsturen over alle. Turen startar frå parkeringsplassen og går gjennom glissen fjellbjørk opp til utsiktspunktet med ei panoramautsikt over Aurlandsfjorden. Ein er om lag på høgfjellet når ein startar turen, og den er ikkje meir enn 10-20 minuttar lang. Fjordutsikta er verdskjend og formidabel 850 meter over Aurlandsfjorden.

Amlaholten Kaupanger: Opplev dei djupe skogane på Kaupanger kring Amlaholten. Skogstur og fjordutsikt i ein uslåeleg kombinasjon.  Ein kort, men gjevande tur som er passande for alle ferdigheitsnivå. Gjennom furuskogen på gode stiar til fantastisk utsiktspunkt med utsikt over fjordlandskapet.

Nigardsbreen utsiktspunkt: Utsiktspunktet framfor Nigardsbreen for eit uforgløymeleg møte med isbrear og panoramautsikt mot blåisen for dei som ikkje ynskjer å gå opp på sjølve breen. Denne turen kan med fordel gjerast med guide som fortel om isbreane og landskapet. 

Vindhella Lærdal: Vindhella er det mest kjende strekket på Kongevegen over Filefjell ned til Lærdal. Vindhella er det mest særmekte området, men mest heile dalføret er flott å gå for heile familien. Mykje på gamal veg. Mange flotte avstikkarar, og sjølvsagt Borgund Stavkyrkje.

 

Bildøra: Bildøra er ikkje ein fast plass, men der du går ut av bilen og legg i veg på tur.  Veldig mange stader kring Sognefjorden er det berre å parkera og legga i veg. Det vert umogeleg å nevna alle turmoglegheitene ein har. Men ynskjer ein enkle fjellturar utan å gå for mykje i motbakke er det eit godt tips å bruke fjellovergangane. 

Til dømes Aurlandsfjellet, Tindevegen, Årdal, Veitastrond, Luster, Leikanger, Fjærland; Vikafjellet, Gaularfjellet, Snøvegen og Sognefjellet gjev unike kjappe og enkle turmoglegheiter til det heilt store, rett utanfor bildøra..

 

 

Omsyn til høgd og fysisk form

Medan stiane er tilrettelagt for å vera tilgjengelege for eit breitt spekter av deltakarar, er det viktig å merka seg at mange turar inkluderer eit visst tal høgdemeter. Det er viktig å vurdera di  og dine si eiga fysiske form, samt velje ruter og turar som samsvarer med dine evner og erfaringar. Anten du er vand til uformelle spaserturar eller meir utfordrande stigningar.  Det blir rekna i gjennomsnitt å gå ein avstand på 2 kilometer og 350-400 høgdemeter i timen.

Søk etter fleire detaljar om turstiar på følgjande stader:  

dnt.no

alltrails.com

ut.no 

PS: All vandring er på eige ansvar, du må sjekka vêrforhold, fysisk nivå, rett utstyr og kledning og laga ein trygg plan for turen. Rådfør deg med lokale om du er usikker og før du legg i veg. 

Føl oss på Instagram