Krevjande og utfordrande turar kring Sognefjorden

 

Utfordrande turopplevingar i Sognefjordregionen

 

Sognefjordregionen  byr  på ei rekkje krevjande og utfordrande  turar stiar. Med dagsetappar på opptil om lag 25 km og gjerne over eit tusen høgdemeter, er desse turane skreddarsydd for personar i god fysisk form og fjellerfaring. Sidan lengda på turane kanskje ikkje ser så krevjande ut, er det alltid viktig å inkludere antal meter høgde opp og ned òg. Noko som er med på å gjera turar langt meir utfordrande. 

 

Nokre Utvalde turar:

 Rimstigen Gudvangen (4,4 km): Rimstigen strekkjer seg bratt opp frå Bakka i Nærøyfjorden. Den fagre turen er seriøs  men prisen er utsikta over UNESCO-området og Nærøyfjorden heile vegen frå start til topp. 

 Keipen Balestrand (8,9 km): Turen opp til Keipen i Balestrand er panoramaturen og sjølve definisjonen på fjordlandskapet  Panoramautsikta, turen er ein lang dagstur, og ein er avhenging av god sikt og godt vêr. Det finst fleire rutealternativ opp. Hugs god turplanlegging er halve turen. 

Raudmelen Balestrand (7 km): Raudmelen i Balestrand, er ein panoramatur på godt tilrettelagt sti. "Sherpatrapper" og kloppar over myrdraga. Ei fantastisk utsikt heile vegen frå start til topps.  

Flatbrehytta - Fjærland (6,7 km):  Stien til Flatbrehytta er bratt, og går opp til hytta og til kanten av Jostedalsbreen, kombinasjonen av blåis og fjordutsikt er heilt unik der oppe. Nokre stader kan terrenget virke eksponert, men føl ein stien så er ein på trygg grunn. 

Prest - Aurland (5 km): Ei blanding av utfordrande "crux" og bratte stigningar til slake fjellryggar og fram til bratte stup. Det øvste punktet er over 1400 moh. Utsikten viser heile Aurlandsfjorden! Fjellturen er ein av dei mest populære kring heile Sognefjorden. Ein seriøs tur som kun skal gjerast i godt vêr. 

Mælen - Leikanger (5,3 km): Mælen er ein relativt ukjent fjelltur. Men gjev ei panaoramautsikt over store delar av midterste delen av Sognefjorden.  Stien er ikkje så bratt som mange andre turar i dette segmentet.  Og er ein 180 graders utsiktstur. 

 

Dette er berre nokre dømer på turar kring Sognefjorden, mange fleire burde vore nemt og det finst hundrevis av storslegne turar å velja mellom. Frå fagre fjordutsikter, til høgfjellsturar i Jotunheimen og Breheimen. Til brenære turar kring Jostedalsbreen som gjev ein smak av arktiske omgjevnader. Ein finn noko for alle det er ein ting som er sikkert. 

 

Førebuing og tips:

Før du legg ut på desse krevjande turane, er grundige førebuingar avgjerande. Pass på at du har passande utstyr, inkludert eit påliteleg par tursko, vêrpassande klede og ein godt pakka ryggsekk med nødvendigheiter som vatn, snacks og førstehjelpsutstyr. Gjer deg kjend med dei merka rutene, og ha med deg eit kart for ekstra navigasjon. Gitt alvoret og vanskelgheitsgrada på desse turane, blir dei utelukkande tilrådde for erfarne turgåarar.

 

Føl oss på Instagram