Med sykkel rundt Sognefjorden
Nokre av dei finaste sykkelrutene i Norge ligg langs Sognefjorden. Her får du våre tips:
Den Romantiske vegen langs Lustrafjorden kjem til å gripa deg. Vil du ha skreddarsydd opplegg med alt inkludert? Sjekk Fjord Cycling.
På idylliske BesteBakken finn du sjarmerande overnatting blant livgjevande vekster i permakulturhagen og beitande alpakkaer – og el-syklar som tek deg til det flotte Hafslovatnet eller heilt til Urnes stavkyrkje, om du vil. Tradisjonsrike Balestrand har alt. Balestrand Adventure låner deg sykkelen du treng, og kanskje kombinerer du sykkelturen med den fantastiske vandreturen til Keipen?
Opplev den verdskjende Rallarvegen mellom Flåm og Myrdal i sommar. Opplev Sogndal med el-sykkel. Det blir ikkje stort enklare enn å leiga sykkel frå Lokel. Sykle der du vil, og lever sykkelen frå deg anten i ein ladestasjon eller i dei virtuelle parkeringssonene.
Det er mange perler langs heile Sognefjorden. Ytterst i Sognefjorden finn du Lavik og hjå Lavik Fjord Hotell kan du leiga sykkel og utforske Fjordbygda.
Ynskjer du å oppleva fjorden på to hjul kan du enkelt leige sykkel: