Utforsk saunaene langs Sognefjorden

 

Utforsk saunaer langs Sognefjorden

 

Sjel- og sinnsro

Sognefjorden, også kjent som "Saunafjord", har blitt ein fristad for badstoveentusiastar som ynskjer ei unik avkopling.

Dei seinare åra har ei rekkje badstover dukka opp over alt i Sogn. Frå eigne hytter i fjordranda til flytande badstover på flåter ute på fjorden, har Sognefjorden blitt ein aldri så liten "badstove-destinasjon". Kva med ei eiga badstove-rundreise? 

Me har lista opp fleire av dei forskjellige badstovene nedanfor for å gje deg ei lita oversikt:

 

Fjærland Guiding:

Ei flytande badstove med utsikt over breen.  En av badstovene som skil seg ut ligg i Fjærland.  Der finn du mellom anna ei badstove som ligg ute på Fjærlandsfjorden. Med panoramautsikt over fjella og breen, gjev dette eit unikt bakteppe for heile opplevinga. 

 

Heit Sogndal:

På kanten av fjorden, og i sentrum av Sogndal. Eit førsteklasses val. Nokre korte meter frå sjølve fjorden.

 

Koseleg badstove på Leikanger Fjord Hotel:

På bryggekanten er det kun få meter til Sognefjorden. Unik plassering når morgonsola kjem krypande over fjella i aust. Badstove med hopplengde til fjorden. 

 

Badstove i gamal stil på Systrond Camping: 

Ei badstoveoppleving ved fjorden som gjenspeilar en tradisjonell stil Badstova ligg i hagen til Campingplassen, men umiddelbar nærleik til fjorden, kombinasjonen med eiga grillhytte og brygge, gjer dette til ein oase. 

 

Sognefjord hytter, sitt eige naust er omgjort til badstove:

Sognefjord Cabins i Balestrand forvandlar eit gammelt naust til badstue, og gjev panoramautsikt over dei mektige Esefjella. Denne unike badstuopplevelinga fusjonerar historie med moderne avslapning, og tilbyr ein unik tilfluktsstad.

 

Badstova på Balestrand Hotel:

Balestrand Hotels sin sauna tilbyr ei roleg flukt frå kvardagen, i fjordkanten. Gjestane kan nyte  varmen medan dei nyt den pittoreske omgjevnaden.

 

Badstove på Nes Gard i Luster:

Nes Gard i Luster tilbyr badstove med utsikt over den mektige Feigefossen. Denne blandinga av termisk avslapning og natur gjer Nes Gard til eit einestående reisemål.

 

Panoramastova på Luster Fjordhytter:

Luster Fjord Cabins si badstove har panoramautsikt over fjorden, ein er som ein del av det heile. 

Auga  i Lærdal:

Saunaen "Auga" ligger på fjordstranda i Lærdal, og tilbyr  ei unik oppleving. Sammenstillinga av varme og kjølig fjordbris gjev eit ekstra lag med sensorisk glede.

 

Fjordsauna ei flytande lukke i Aurland og Flåm:

Fjordsaunaen tek badstoventusiastar med på ein flytande reise på fjorden. Den innovative badstoveopplevinga gjev ei uforgløymeleg oppleving. 

Føl oss på Instagram