Sognefjords varierte klatrelandskap

From Crag til storvegg

 

Fjellklatring i Sognefjordregionen, eit paradis for spenningssøkjarar og friluftsentusiastar.

 

Søkjer ein innandørs opplevingar, er Sogndal stolt vertskap for ein av Skandinavias største klatreveggar og eit av landets største bulderveggar.

 

Sogndal kan skilta med Noregs største bolta klatrefelt, med hundrevis av bolta ruter med spennande utfordringar for både nybyrjarar og erfarne klatrarar. Det anbefalast å skaffe seg ein klatreførar for området før ein gir seg i kast med klatringa, då det er så omfangsrikt område og kvar ein finn dei ulike graderingane. 

Like utanfor sentrum i Lærdal kan du oppdaga eit nytt lite klatrefelt som ynskjer små og store klatrarar velkomne til å oppleva klatregleda.

"Norges alpine vugge"

Storfjellsklatring og tinderangling i Jotunheimen er internasjonalt kjendt. Hurrungane heilt vest i Jotunheimen er Noregs mest alpine fjellområde. Dette er også kva som vert kalla "Norges alpine vugge". Det var her det heile starta med den kjende britiske fjell-pioneren William Cecil Slingsby, som blant anna var førstebestigar av Store Skagastølstind (Storen).

Dei flottaste fjellryggane i landet finn ein også i dette området. Høgfjellsryggar på kring to tusen meters høgd er legendarisk tinderangling. 

Austanbotntind er blant mange rekna som det flottaste fjellet i Jotunheimen, kanskje i heile Noreg. For å nå opp på desse toppane krevst det klatring og kunnskap om det.

Om ein manglar rette kompetansen må ein sørgja for god tryggleik ved å nytta kvalifiserte fjellførarar og tindevegleiarar. For ein eventyrlysten person som ikkje er så altfor redd høgder, er dette ein unik måte å få opplevd den store fjelldraumen. 

 

Føl oss på Instagram