Eit perfekt rundturseventyr

 

Rundreise - Velkomme til Sognefjorden heile året

Lengst - Størst - Høgst - Eldst

Den lengste fjorden, Sognefjorden, ligg midt i Fjord Norge og strekkjer seg heilt inn til foten av nasjonalparkane Jotunheimen og Jostedalsbreen. I Jostedalsbreen Nasjonalpark får du oppleve den største isbreen på det europeiske fastlandet. Jotunheimen Nasjonalpark består av dei høgste fjella, og den nasjonale turistvegen som går her, Sognefjellsvegen, er den høgste fjellovergangen i Nord Europa. Levande bygdesamfunn byr på ekte kulturopplevingar. Urnes Stavkyrkje er den eldste i Norge, og står på UNESCO si verdsarvliste.  

Ein tur langs Sognefjorden tek deg med på ei reisa frå eventyr til eventyr der du opplever vill og vakker natur, idylliske fjordbygder og fjordnær overnatting. Kver fjordbygd har si eiga spesialitet der du kan oppleve bygdemiljøet og smake på dei lokale produkta. Under tek vi deg med på ei rundreise gjennom Sognefjorden.  

Frå Verdas flottaste togreise til fjelltur i Jotunheimen 

Flåm og verdas smalaste fjord. 

Flåm er ein heilårsdestinasjon rik på aktivitetar og kulturelle skattar. Omkransa av stupbratte fjellsider, buldrande fossefall og tronge dalar er Flåm eit paradis for deg som søkjer naturopplevingar det ikkje finst makan til i heile verda. Opplev FlåmsbanaFjord cruise og andre aktivitetar i Flåm og Aurland. 

Flåmsbana

 

Lærdal – ein av landets best bevarte bygder  

Vidare til Lærdal anbefalast på sommartid å ta vegen over fjellet. Nasjonal turistveg Aurlandsfjellet klatrar opp til «tunneltaket». Her oppe i 1300 høgdemeter er det ei øydemark av stein og snø som har sin særeigne skjønnheit. Få med deg utsiktspunktet Stegastein, som er ein attraksjon i seg sjølv, 600 meter over havet og 30 meter ut i lufta. Etter nedstigninga er det eit kort stykke å køyra ned til Lærdalsøyri, ein av landets best bevarte bygder. Ta deg til tid å vandre her. Besøk Borgund Stavkyrkje som blei bygd kring år 1180 som er den mest særmerkte av dei norske stavkyrkjene. 

Borgund Stavkyrkje, Lærdal

Årdal – porten til Jotunheimen  

Frå Lærdal tek ca. 30 minutt å køyra RV5 gjennom tunnelen mot Årdal. Årdal er sjølve porten til Jotunheimen med meir enn 40 merka ruter i Utladalen. I Øvre Årdal, ca. 10 min køyring frå Årdalstangen, finn du Friluftsbadet som har ein av Noregs største utebasseng, barnebasseng og sklier. For å komme seg til vakre Utladalen køyrer ein ca. 10 minutt frå Øvre Årdal til Hjelle. Parker bilen på parkeringsplassen og følg folkevegen fram til Vetti. 

Vettisfossen, Årdal

Rundreise: Frå fruktbygda Leikanger til verdsarv i Lustrafjorden. 

Porten til Sognefjellet og Jostedalsbreen, idylliske bygder ved fjorden med gardsbesøk, lokal mat og nærkontakt med dyr. 

Sogndal – eit perfekt utgangspunkt 

Sogndal er regionsenteret i Sogn og i tillegg til Flåm stoppestad for hurtigbåten frå Bergen til Sogn. 

I nabobygda Kaupanger, kun 10 min køyring frå Sogndal, kan du besøka Kaupanger Stavkyrkje som vart bygd på slutten av 1100 talet. Frå Sogndal er det ca. 30 min køyring til Fjærland der du kan besøke Den Norske Bokbyen, Norsk Bremuseum og Bøyabreen. Vidare utover fjorden frå Sogndal kjem du til Leikanger (ca. 20 min), ei fruktbygd der ein kan bu ved fjorden og kan nytte mange av dei flotte vandrerutene i området. 

Fjordstien, Sogndal

Vakre Solvorn og Ornes ved Lustrafjorden  

Køyrer ein ca. 30 min nord frå Sogndal mot Luster Kommune, kan ein ta ein avstikkar til Solvorn, som er ei vakker lita bygd ved Lustrafjorden. Frå Solvorn kan du ta ferje på ca. 15 minutt over til Ornes, og med vakker utsikt over Lustrafjorden, står ein av verdas eldste stavkyrkje, Urnes Stavkyrkje som er på UNESCO si verdsarvliste. Etter besøket på Urnes Stavkyrkje kan du velje om du vil ta turen tilbake med ferja eller ta ein rundtur på 1,5 timar via Skjolden og tilbake til Gaupne eller Sogndal. 

Urnes Stavkyrkje

Fossefall, saftproduksjon og vandretur på veg til Skjolden 

På vegen mot Skjolden kan ein sjå Feigefossen, besøke Munthehuset og Safthuset museum som var starten på saftproduksjonen til Lerum – i dag ei kjent norsk merkevare frå Sogn. Før du kjem til Skjolden er det verdt eit stopp på Fuglesteg, som er ein fantastisk tur på 5 km. Frå Skjolden kan du køyre opp mot Nasjonal Turistveg Sognefjellet. Motsatt veg mot Skjolden og Gaupne er det ein avkøyrsel mot Jostedal (ca. 40 minutt). I Jostedalen finn du Breheimsenteret og du kan bli med erfarne guidar på breen, eller padle kajakk på Nigardsvatnet. Det går buss mellom Sogndal og Jostedalen/Nigardsbreen (Breheimsenteret).   

Brevandring Nigardsbreen, Jostedal

Rundreise: Frå Kunstbygda Balestrand til badeland i Høyanger. 

Heimelaga cider og historisk hotell for dei vaksne – badeland og moro for dei små.   

Cider og historiske Kviknes Hotel i Balestrand  
I Balestrand – kunstbygda i Sognefjorden – ligg flotte Kviknes Hotel, eit av dei mest særprega fjordhotella i Noreg. 

Idylliske Vik og Høyanger 

Vik og Høyanger ligg idyllisk til ved Sognefjorden. Frå Balestrand køyrer ca. 10 minutt til ferjekaien, og tek ferja (ca. 30 minutt) over til Vangsnes som ligg ca. 10 min køyring frå Vik. I Vik finn du Hopperstad stavkyrkje, som er ei av Noregs eldste kyrkje, bygd i 1130, og Hove Steinkyrkje som er den eldste steinbygningen i Sogn blei bygd på slutten av 1100-talet. 

Hove Steinkyrkje, Vik

Opplevingar for store og små i Høyanger  

Frå Balestrand til Høyanger er det ca. 40 min køyring mot nord-vest. I Høyanger har du mulegheit til å gå trappene bratt opp langs røyrgatene som vart bygd for å temme dei enorme mengdene vatn på ved ned til kraftverka i Høyanger sentrum. Siplotrappa har 1250 trinn og Dalentrappa har 2500 trinn. 

Høyangerbadet tilbyr opplevingar både for store og små.

Høyangerbadet, Høyanger

Føl oss på Instagram