Varsam ferdsel i naturen

 

Vis omsyn i nasjonalparkar, verneområder, reservat, natur og utmark generelt.

Når du er ute i natur på besøk i verneområder, så er det du som er gjesten. Alle har lov til å ferdas og opphalde seg i utmark i Norge. Allemannsretten er eit gratis fellesgode og ein del av vår kulturarv. Men all ferdsel skal ta omsyn til natur, grunneigar og andre brukarar. Allemannsretten er gratis, men me har alle ei plikt til sporlaus ferdsel.

Det finst lovar og reglar ein må følgja, som går på vern av naturmangfald. 

Kring Sognefjorden kan det vera sårbar natur og raudlista artar frå fjord til høgfjell. Desse har ulik toleemne for ferdsel og til ulike årstider.

ALLEMANNSRETT

Alle har lov til å ferdast og opphalda seg i utmarka i Norge. Allemannsretten gjev høve til å ferdas fritt i naturen, så lenge det skjer med omsyn slik at plantar og dyr ikkje blir skada eller uroa. Den gir deg rett til å bruke utmarka, så lenge det ikkje er til skade eller ulempe for natur, grunneigar eller andre brukarar.
Du kan lese meir om allemannsretten her: Miljødirektoratet.no og her
 

Du kan også sjå Visit Norway sin kampanje kring allemannsretten her: 
 

NASJONALPARKAR OG STORE VERNEOMRÅDER

Rundt Sognefjorden finst det 3 Nasjonalparkar. Og det er fleire verneområder, med ulike regelverk. Ein har UNESCO områder som har unike naturområder og bygg. Under verneområder meinast også naturreservat og fuglereservat.

Nasjonalparker og andre verneområder skal sikre sårbare planter, dyr og naturtypar, og bevare områder av internasjonal eller nasjonal verdi. I verneområda kan det vere særskilde reglar om korleis du kan ferdas og bruke naturen. Sjekk difor alltid kva som gjeld i verneområdet du skal til før du skal ut på tur. 

Ein har ikkje lov å gjere inngrep som øydelegg verneverdiar og at samspel og økosystem og artar i naturen ikkje vert forstyrra. Dette er ein viktig del av arbeidet med å hindre at plantar og dyr vert utrydda. 

Dømer på forbod og viktige reglar å ta omsyn til er mellom anna motorisert ferdsel, El-syklar, droner, bålbrenning, jakt og fiske samt forureining er viktige begrep. 

Ein kan lese om meir om spesifikke område (også verneområder) her
 

ER DET LOV Å FLY DRONE I NASJONALPARKAR?

Svaret er nei. 
Er du usikker på lokasjon så sjekk nettstaden safetofly.no. Her finn du grei oversikt over nasjonalparkar og kvar det er lov å fly med drone. 
Det er veldig ofte forbud mot dronefyking i andre verneområder, alt etter verneverdiar og verneføremål. Der er det krav om søknad til verneforvaltninga. 
Du kan lese meir om reglar for å fly drone i naturen her: Miljødirektoratet.no 
 

VIL DU FINNE UT MER OM NASJONALPARKENE?

Les meir om verneområder på Miljødirektoratet.no 
 

VILLREIN

Norge har eit spesielt ansvar for villrein i internasjonal samanheng. Villreinen har vore i fjellheimen sidan istida og er generelt pressa av vår bruk av areal i fjella. Vegbygging, kraftutbygging og hyttefelt har avgrensa og redusert arealet som er tilgjengeleg for villreinen. I tillegg er klimaendringar venta å føre til forverra levetilhøve for villrein. 
Men vi som er på tur påverkar også villreinen, og særleg trekkområda mellom ulike sesongbeite og kalvingsområde er sårbare i høve til ferdsel.
 
I Vest-Jotunheimen er det ein villreinstamme på mellom 250 og 400 dyr. Sommarbeite og kalvingsområde er på halvøya mellom Lustrafjorden og Årdalsfjorden, medan vinterbeite er Hurrungane mot Sognefjellet. Villreinen er særleg sårbar vinterstid. Då tærer dyra på energireservane, og livet går på eit sparebluss. Simlene går drektige og er spesielt utsett. I verste tilfelle kan dei bli så stressa at dei «slepper kalven» lenge før tida. Villreinen søkjer seg til stader som Dyrhaugsryggen, Lauvnosi, Soleiebotntind og omkringliggande område der vind og ver gjev mindre snødekke og lettare tilgang til beiteplanter. Vidare er dei indre delane mot Austabotn og Sognefjellet viktige for reinen om vinteren.
Fram på våren trekker simler og ungdyr sørover ut på kalvingsområda lenger vest, og bukkeflokkane blir som regel hengande att i Hurrungane-området. Syklusen går att kvart år. Dei mest sårbare dyra i flokken er dei drektige simlene, som kan bli hindra i trekket mot kalvingsområdet dersom aktiviteten nær trekkruta blir for høg.  Den mest sårbare tida for villreinen i dette området er difor i april-mai. Då er det særleg viktig å vise omsyn til reinsdyra ved å følgje nokre enkle reglar:  


•    Om du møter rein, ver roleg.
•    Hald god avstand, stopp og trekk unna viss du ser villrein. 
•    IKKJE test kor nære du kan kome (bruk kikkert)
•    Legg om kursen om villrein ikkje har oppdaga deg
•    Prøv å få vinden frå dyra, mot deg sjølv
•    Ta omsyn til vinterbeite, flytt turen til andre plassar ved vanskelege beitetilhøve (f. eks. nedisa beite)
•    Dersom du får kjennskap til at det er rein i området på førehand - vel ein annan tur. 
Meld gjerne frå til oppsyn, villreinutval eller villreinnemnd om observasjon av villrein.

Det er særleg viktig å vise omsyn ved toppturar om vinteren og våren. Av omsyn til villrein er det fint om ein kan bruke andre område enn Hurrungane vinterstid, fram til midten av mai månad når forholda er enklare for villreinen og fostringsflokkane har trekt ut av vinterbeiteområdet.  Lokale som går på topptur nyttar ofte som ein regel andre område av Sognefjordregionen til denne typen aktivitet, då der er god snø til langt ut i mai.  

Det finst villrein fleire andre stader rundt Sognefjorden, ein bør på same sett som i Hurrungane, halde god avstand, og gjerne snu/trekke seg vekk om ein er i eit område og møter villrein.   
Aktuelle fjellområde der det er villrein er Vest-Jotunheimen, Lærdal og Årdal. Samt Nordfjella og grensa mot Sunnfjord (Jostefonni/Grovabreen), Frå Nærøyfjorden mot Fresvik og heilt over til Vikafjellet og Stølsheimen.  Ein kan gjerne lese meir på villrein.no og norgesnasjonalparker.no  
 

FUGL

Det finst fleire verneområder og fuglereservat også utanom nasjonalparkar, rundt Sognefjorden. 
Stølsheimen verneområde, Nærøyfjorden landskapsvernområde, Utladalen landskapsvernområde, er nokre av områda. 
Spesielt i hekkeperioden 1. januar til 1. juli er fugl sårbar og treng ro. 

 

Med hund på tur

I nokre verneområde og kommunar kan det vere utvida bandtvang utover den ordinære bandtvangen frå 1. april til og med 20. august. Det kan være i hele eller deler av året. 

Årsaken til dette er fare for forstyrrelse av dyrelivet, til dømes i kalvingstida for villrein, fordi området er eit viktig leveområde for fugl i heile eller delar av året, eller at det husdyr på beite
Reglar for bandtvang og hundar: HUNDELOVEN
 

Take nothing but pictures, leave nothing but footprints.
 

Velkomne ut!

Føl oss på Instagram