Gjestehavner langs Sognefjorden

I Sognefjorden finst det fleire båthavner som også har tilrettelagt som gjestehavn for båtferierande. 

 

Stadig fleire legg delar av ferien sin inn Sognefjorden som ein variasjon på den vanlege kystferien. 

Fleire av dei kjende attraksjonane kring Sognefjorden er tilrettelagt slik at in kan oppleve dei som båtreisande. Og ein bonus er jo at ein for eiga maskin kan segle inn fagre fjordarmar som Fjærlandsfjorden, Lustrafjorden, Aurlandsfjorden og sjølvsagt Nærøyfjorden.  

 

De fleste havnene er utstyrt med servicebygningar og sanitæranlegg, og ein finn fleire stader med mulegheit for fylling av drivstoff og ferskvatn.  

Frå gjestehavnene er det kort veg til butikkar og attraksjonar. 

I Flåm er det kun 4 minutt å gå til Flåmsbana frå Flåm Marina sin gjestehavn.  

Ein finn også restaurantar kun kort veg frå båthavna i Balestrand, Fjærland, Leikanger, Sogndal, Skjolden, Flåm, Årdalstangen, Gudvangen og Aurland.

Sognefjorden er blant verdas vakraste fjordlandskap. Kombinasjonen av høge fjell, fjordarmar, mektige fossefall er uslåeleg. 

Det vert fort ein unik ferie, og for vande sjøfolk er nok Sognefjorden noko heilt nytt om ein berre er vande med kysten vår. 

 

Sjekk ut meir om  gjestehavnene nedanfor: 

Føl oss på Instagram