Camping ved Sognefjorden
Finn den beste plassen å campe ved Sognefjorden og friheita til å reise kvar som helst, eller berre bli verande på ein plass. Latter, smil og gode stundar og mange moglegheiter til å møte kule, nye venner.
Det er mange campingplassar i Sognefjordområdet som kan tilby plass til telt, campingvogn eller bubil, samt campinghytter av ulik standard og pris. Campingplassane ligg i idylliske strøk, nær fjell og fjord.
Allemannsretten
Tenkjer du villmarka er meir freistande? I følgje allemannsretten så kan du sette opp telt eller hengekøye heilt gratis i villmarka, men du må følgje desse reglane:
- Telt og bubilar skal vere minst 150 meter frå hus og hytter
- Unngå privat eigedom og dyrka mark
- Vis omsyn til folk og miljø
- Ta med søppel heim