Om oss

Visit Sognefjord er eit felles destinasjonsselskapet for kommunane Høyanger, Vik, Sogndal, Luster, Lærdal, Årdal og Aurland. 

Visit Sognefjord skal vere eit felles sals-, marknadsførings- og kompetanseorgan for bedrifter, kommunar og organisasjonar som har interesser knytt til reiselivsnæringa og profilering av regionen, og skal bidra til å løyse fellesoppgåver for reiselivsnæringa i dei deltakande kommunane. 

Visit Sognefjord skal gjennom samling og koordinering av ressursar og interesser arbeide for ei berekraftig utvikling av reiselivsnæringa for å sikre auka verdiskaping og sysselsetjing. Visit Sognefjord skal stimulera til kompetanseheving og produktutvikling og vera ein aktiv pådrivar for aktivitetar og prosjekt som er viktige for reiselivsnæringa. Visit Sognefjord skal marknadsføre regionen som reisemål for ferie-, fritids- og konferansemarknaden, samt bidra til 
heilskapleg marknadsføring av Sogneregionen som bu, arbeids- og opplevingsstad. Visit Sognefjord skal vere reiselivet i regionen sin representant i relevante lokale, nasjonale og internasjonale fora.

Fjellet Hest i Leirdalen, Luster

Visjon

Reisemålet Sognefjord skal utviklast etter visjonen Heile Sognefjord. Heilt ekte. Heile året.

Heile Sognefjord

Syte for at alle delar av Sognefjord vert utvikla på stadane sine eigne premiss, og syne fram breidda av aktivitetar, tilbod og ulike stadar. Dyrke ulikskapen innanfor det me har felles, og eige region på korleis utviklinga skal vere.

Heilt ekte

Bygge reiselivet på naturverdiane, kulturhistoria og menneska som bur her sine premiss. Få fram livet ved Sognefjorden slik det faktisk er og har vore, og utvikle reiselivet i tråd med korleis me vil at det skal vere i framtida. Bygge opp under ei balansert samfunnsutvikling, som forvaltar ressursane på ein klok måte og som får fram det særeigne i kvar einskild bygd og bedrift.

Heile året

Skape eit reiseliv som gjev stabile heilårs arbeidsplassar, som i neste omgang skapar nye innbyggjarar i lokalsamfunna, lønsame bedrifter som evnar å investere i vidare utvikling og som bidreg til å halde opp ei levande handels- og servicenæring i lokalsamfunna. Utvikle produkt og tenester som gjev jamn besøksmengd tilpassa stadane si tåleevne heile året, og som gjev dei besøkande gode kvalitetsopplevingar tilpassa årstidene.

Miljøfyrtårn

Visit Sognefjord AS, som selskap vart sertifisert som Miljøfyrtårn september 2018, og vart resertifisert september 2021. Visit Sognefjord jobba kontinuerleg med å forbetre sin påverknad på miljø, klima og arbeidsmiljø i eiga drift og verdikjede. 

Stiftelsen Miljøfyrtårn logo

Les Visit Sognefjord sin Årleg klima- og miljørapport for 2022 her

Masterplan

Masterplan for reisemålet Sognefjord er utarbeidd av Visit Sognefjord på oppdrag av Sogn regionråd frå 2017 -2021 med finansiering frå Innovasjon Norge, Sogn Regionråd og Visit Sognefjord. Masterplan for reisemålet Sognefjord er det overordna styringsdokumentet for arbeidet med å utvikle reisemålet. 

Intensjonen med planen er å forvalte og styrke reisemålet Sognefjord til det beste for lokalsamfunnet, miljøet og dei besøkande ved å utvikle eit berekraftig reisemål som skapar livsgrunnlag for framtidige generasjonar.

Planen legg FN sine berekraftsmål til grunn, og byggjer på Innovasjon Norge og NHO reiseliv sin tilpassing av UNWTO sine prinsipp for berekraftig reiseliv:

«Berekraftig reiseliv tek vare på natur- og kulturverdiane våre, styrkar dei sosiale verdiane og får fram stoltheita i lokalsamfunna våre, utviklar nye arbeidsplassar og sikrar ei verdiskaping som gjer reiselivsnæringa økonomisk levedyktig.»

Les heile masterplan her. 

Berekraftig Reisemål

Visit Sognefjord har motteke merket som berekraftig reisemål. 

Dette er eit kvalitetsstempel som viser at vi som reisemål arbeider strategisk og langsiktig med å skape eit berekraftig reiseliv over tid 

Merket for Berekraftig Reisemål, er ei nasjonal merkeordning som Innovasjon Norge står bak, den einaste av sitt slag i Norden. Det å bli sertifisert som eit berekraftig reisemål, beviser at destinasjonsleiinga, saman med kommunane og lokale reiselivsaktørar arbeider med; å redusere klimagassutslepp knytt til reiselivet, fokus på naturmangfald, lokale kulturarv og dei levande bygdesamfunna langs Sognefjorden. Vi fokuserer også på å legge til rette for berekraftige og innovative løysingar i framtida, som sikrar at reiselivet gir positive lokale ringverknadar og er tilpassa til livet langs Sognefjorden. 

                                                                     Bærekraftig reisemål logo

Reisemåla som er med i merkeordningen må re-merkast kvart tredje år. Visit Sognefjord skal re-merkast i løpet av sommaren 2026. Vi må då vise til forbedringar på innan 106 ulike indikatorar. 
Som eit verkty til å få til dette følgjer vi Masterplan Sognefjord som er forankra i alle kommunane og utarbeidd saman med lokal reiselivsnæring.  
Masterplanen viser utfordringane, moglegheitene og tiltaka vi må gjennomføre for å bli eit reisemål som utviklar reiselivsnæringa i fjordbygdene, naturen og kulturhistoria sine premiss. 

Har du spørsmål, vil vite meir eller kome med innspel til arbeidet? Ta kontakt med Koordinator for Masterplan og berekraft Ellen Fivelstad i Visit Sognefjord. 
 

Reis grønt

Cruise i Sognefjord

All informasjon om cruisetrafikk, superyacht, fritidsbåtar, berekraftig hamneområdet, ankomst cruiseskip og prisar finner du på Flåm Hamn sin web side. Klikk på knappen under eller klikk her for meir infomasjon om cruise i Sognefjorden. 

Kontakt oss

For alle henvendelser ring oss på +47 91 35 06 59 eller send oss ein e-post på post@sognefjord.no

Tilsette i Visit Sognefjord

Kontakt oss, Heidi

Heidi Hauge, Reiselivsdirektør CEO

heidi@sognefjord.no 

Kontakt oss, Renate

Renate Kvåle Hagen, Marknadssjef

renate@sognefjord.no

Kontakt oss, Benedicte

Benedicte Elisabeth Stedje, Salssjef

benedicte@sognefjord.no

 

Håvard Nesbø, Digital Marketing PR

haavard@sognefjord.no

Ellen Fivelstad, Koordinator for Masterplan og berekraft

ellen@sognefjord.no