Visit Sognefjord er eit felles destinasjonsselskapet for kommunane Høyanger, Vik, Sogndal, Luster, Lærdal, Årdal og Aurland.
Visit Sognefjord skal vere eit felles sals-, marknadsførings- og kompetanseorgan for bedrifter, kommunar og organisasjonar som har interesser knytt til reiselivsnæringa og profilering av regionen, og skal bidra til å løyse fellesoppgåver for reiselivsnæringa i dei deltakande kommunane.
Visit Sognefjord skal gjennom samling og koordinering av ressursar og interesser arbeide for ei berekraftig utvikling av reiselivsnæringa for å sikre auka verdiskaping og sysselsetjing. Visit Sognefjord skal stimulera til kompetanseheving og produktutvikling og vera ein aktiv pådrivar for aktivitetar og prosjekt som er viktige for reiselivsnæringa. Visit Sognefjord skal marknadsføre regionen som reisemål for ferie-, fritids- og konferansemarknaden, samt bidra til
heilskapleg marknadsføring av Sogneregionen som bu, arbeids- og opplevingsstad. Visit Sognefjord skal vere reiselivet i regionen sin representant i relevante lokale, nasjonale og internasjonale fora.
Visjon
Reisemålet Sognefjord skal utviklast etter visjonen Heile Sognefjord. Heilt ekte. Heile året.
Heile Sognefjord
Syte for at alle delar av Sognefjord vert utvikla på stadane sine eigne premiss, og syne fram breidda av aktivitetar, tilbod og ulike stadar. Dyrke ulikskapen innanfor det me har felles, og eige region på korleis utviklinga skal vere.
Heilt ekte
Bygge reiselivet på naturverdiane, kulturhistoria og menneska som bur her sine premiss. Få fram livet ved Sognefjorden slik det faktisk er og har vore, og utvikle reiselivet i tråd med korleis me vil at det skal vere i framtida. Bygge opp under ei balansert samfunnsutvikling, som forvaltar ressursane på ein klok måte og som får fram det særeigne i kvar einskild bygd og bedrift.
Heile året
Skape eit reiseliv som gjev stabile heilårs arbeidsplassar, som i neste omgang skapar nye innbyggjarar i lokalsamfunna, lønsame bedrifter som evnar å investere i vidare utvikling og som bidreg til å halde opp ei levande handels- og servicenæring i lokalsamfunna. Utvikle produkt og tenester som gjev jamn besøksmengd tilpassa stadane si tåleevne heile året, og som gjev dei besøkande gode kvalitetsopplevingar tilpassa årstidene.