Vinter på ski, randonee, langrenn og alpinanlegg

 

Skikøyring i den spektakulære Sognefjordregionen 

Vinter i Sognefjorden er ei magisk tid som forvandlar landskapet til eit urørt eventyrland, utsmykka med eit kvitt teppe, ofte i puddersnø. Regionen tilby noko av dei beste snøforholda i landet  - eit pudderparadis på sine finaste dagar. Sognefjorden er ein idealstad for skientusiastar og tilbyr ei rekkje spanande opplevingar, frå breskiturar til å erobra dei flottaste toppane med eksepsjonell fjordutsikt. Men også fjellskiturar innover Fjellplatåa på Sognefjellet og Jotunheimen, Vikafjellet, Filefjell og Aurlandsfjellet.  Kva med å gå den spektakulære "Josten på langs" i mai månad?  Kring Sognefjorden finn du 3 alpinanlegg, og mange preparerte langrennsløyper. Men det mest kjende er fortsatt toppturane. Me anbefaler ein god kombinasjon av alt! 

 

Skisesong i Sognefjorden

For dei som ynskjer seg inn i villmarka, er fjellturar med profesjonelle guidar sterkt anbefalt. Dei sørgjer ikkje berre for tryggleik, men avdekkjer også skjulte perler og løyndommar i det omfattande terrenget. Kunnskap om geografien og forståinga av dei stadig skiftande snøforhalda er uvurderleg, noko som gjev deg endå meir tid til å ta inn over deg ei minneverdig oppleving.

Kring Sognefjorden kjem snøen tidleg, og reiser seint.

Skisesongen i Sognefjordregionen strekkjer seg vanlegvis frå Oktober til Juni for skiturentusiastar, medan skisentera opererer frå midten av Desember til slutten av April. Toppsesongen startar som regel i januar og varar til medio mai.

Dei mest ihuga startar skisesongen i oktober, og gir seg ikkje før langt ut i juli. Ja faktisk så finn ein dei lokale som står på ski kvar månad heile året.  Eit normalår så skal det gå fint om ein planlegg godt og høyrer med lokale kvar det er farbar snø. 

 

Ski med fjordutsikt 

Eit av dei unike aspekta ved skikøyring i Sognefjordområdet er høvet til å opplev fire årstider på ein og same dag. Du har mogelegheita til å stå på ski høgt over fjorden ein vakker vårdag, medan du er omgitt av vinterlandskap i fjellet.  Jo lenger ned ein kjem jo varmare og grønare vert det.  Ei slik harmonisk blanding av årstider og omgjevnader gjev deg noko heilt unikt. 

 

Sognefjordregionen  tilbyr ikkje berre skiforhold i verdsklasse midtvinters, men også ei kulturell fordjuping i den lokale lidenskapen for fjella. Anten du søkjer spenninga med villmarksski, familievennlege bakkar eller ei fantastisk fjordutsikt, har Sognefjorden alt. 

 

Preparerte bakkar

Sogndal Skisenter og Sogn Skisenter er dei to største alpinanlegga i Sogn.  Begge perfekte skianlegg for dei som søkjer seg vekk frå overbefolka meir kjende skianlegg. Her finn ein flotte barnebakkar, kafeteriar og skiutleige.  Bonusen er stort armslag. Det er fleire som driv hytteutleige i umiddelbar nærleik til skibakkane, ski inn/ut.  Det unike med dei to anlegga er tilgangen på laussnø. Heisbasert frikøyring er eit ord som dukka opp  for nokre år sidan. Då tek ein skitrekket opp, for så og leike seg i laussnø og pudder ned att. FriFlyt har kåra begge anlegga blant dei beste i landet på dette punktet.  

 

Langrenn og merka fjellløyper

Kring Sognefjorden finn ein mange mil med preparerte langrennsløyper. 

Fleire idrettslag har eigne langrennsløyper og fleire har også lysløper. Når dei vert preparert kan ein nokre stader sjå på skisporet.no men oftast må ein sjekke dette opp lokalt i framkant. 

Ein finn preparerte langrennsløyper mellom anna:  i Jostedal, Leirdalen, Hafslo, Turtagrø, Seimsåsen og Fardal i Årdal, Maristuen på Filefjell, Aurlandsfjellet, Vik og Vikafjellet, Saurdalen og Trolløyane i Balestrand, i Sogndalsdalen og på Leikanger. I tillegg vert det som regel før påske preparert og merka opp fjelløyper på Sognefjellet, Sognddalsdalen, Vikafjellet og Filefjell og Aurlandsfjellet.  Viktig at ein sjekkar vêrtilhøva og løype godt i framkant. 

Pudder Paradis

Føl oss på Instagram