Topptur på Ski i Sogn

 

 

Utforsk majestetiske fjell med verdas beste fjordutsikt.

 

Randonee betyr å gå på fjelltur. Skiturar på randonee er naturopplevingar heilt utanom det vanlege. 

Utforske majestetisk fjord og bre landskap, vandre i jomfrueleg urørt snø og puste inn frisk fjelluft. Sognefjorden inviterer deg til fantastisk frikøyring i naturen, frå fjellt til fjord.

I Sogn ligg snøen lenge, og ofte meir stabil enn mange andre stader. Nedbøren frå vest kjem ofte som snø på grunn av dei store breane kring oss som kjølar ned lufta. 

Kring Sognefjorden er det ikkje uvanleg med store nedkøyringar med høgdeforskjel på kring eit tusen meter. Ein finn store flotte fjellsider i alle retningar og sektorar. 

Fjordnære områder er ofte mest populære gjennom vinter og vår, det er kontrastane og den unike utsikta som skil seg frå alt anna.   

Ein blir gamal om ein skal rekke over alle fjella her rundt Sognefjroden.  Ein finn turar for alle nivå.  Seriøse høgfjellsturar, bratte flankar, men også snille fjellsider som er perfekt for nybyrgjarar.  

Ein fin nokre av landets mest kjende toppturar kring Sognefjorden.  Sogndalsdalen, Jostedalen, Fjærland og Hurrungane er nok dei mest kjende områda. Men dei seinare åra har dei massive fjellområda rundt Balestrand blir veldig populære, få stader byr på ei slik kolossal panorama fjordutsikt enn her.  Rett over fjorden, ovanfor Leikanger finn eit ei nytt område med skikøyring i nært sagt alle himmelretningar. På fjella Hest og Stav er ein på taket av Sognefjorden.  Lenger aust i Sogn finn ein Årdal, eit område som kan ved rette høve gje landets lengste nedkøyringar på ski, opp mot to tusen høgdemeter!  På sørsida i områda rundt Aurland og Flåm kan ein kombinere toppturar med togturar.  Mulegheitene er enorme. Hundrevis av fjell ventar på dine spor. 

Det kan ofte vere lurt å nytte guide på nokre av turane, og ellers om ein ynskjer å bli betre kjent i området. 

 

Før du legger ut på topptur, er det viktig at du gjer deg kjent med omgivelsene og forbereder deg på at det kan bli tøffe forhold. Les meir om sikkerheit, skiftande forhold og kva du må ta med deg på topptur.  

Har du kunnskapen til å gjere trygge vegval. Har du gått skredkurs? 

Nedanfor kan du lese meir om toppturar kring Sognefjorden. 

 

Føl oss på Instagram