Skianlegg i Sogn og kring Sognefjorden

 

 

Skianlegg

Dei to største skisentra i Sogn er Sogn Skisenter og Sogndal Skisenter som tilbyr skiutleige, skiskule, flotte barnebakkar, kafe, toalett og sal skikortet Sognapass som du kan benytte i begge skisentra. 

 

I Sogn Skisenter - Heggmyrane - finn du noko av Norges beste frikøyring frå heis i 700 høgdemeter når forholda er på topp.

Skisenteret har to trekk, den trufaste POMA tallerkenheis og Sognaheisen som saman gir deg tilgang på store areal med varierte utfordringar, klipper og terreng. Hjå oss har alle noko å prøve seg på, frå store klippedropp til park og enkle bakkar.

Me har supre, trygge barnebakkar, store områder for snøleik for heile familien og ikkje minst - gratis parkering med krypeavstand til bakken. Her er skileikområdet med mindre trekk gratis for alle, og 3 hoppbakkar frå 5 til 19 meter.

Du finn lysløype og langrennspor som går heilt til seters og fjells, og like i nærheita finn du moglegheiter for overnatting og besøk i badeland!

I Sogn Skisenter er det stressfritt og triveleg med høg kosefaktor og noko å finne på for alle. Ta med deg kompisgjengen på ei super skihelg i Sogn. Ta ein tur i skisenter eller dra på topptur, og kombiner det med boble-og varmebad i Lustrabadet. Kom og gå som de vil og bu med heilpensjon på Gaupnetunet eller i hytte.

 

 

Sogndal Skisenter - Hodlekve er naturleg best på laussnø, eller pudder som dei seier i byane.

Fløyelspreparerte bakkar, laussnø i skogen, fjelløyper for fjellski og langrenn. Barnebakkar, 5 skitrekk.

Med si geografiske plassering får skisenteret nedbør fra vest, og temperatur frå innlandet, slik får ein verdas beste snø.

Hodleke er verdskjendt for puddersnøen, på linje med både Japan og Canada! Den heisbaserte frikøyringa er også legendarisk og heilt i landstoppen.

Skianlegget har  5 skitrekk med ei fallhøgd på 500 meter. Med fleire nye nedfartar er Hodlekve blitt ein favoritt også blant familiar. Her finn ein bratte heng og utfordrande terreng. 

Skisenteret er det største i regionen og har ei ny stor satsing mot familiemarknaden, med familievenlege slake og breie oversiktelege skiløyper. Så her er noko for absolutt alle!

Hodlekveskogen er kanskje landets råaste frikøyringsområde når forholda er på topp. Ein  bratt fjellside med glissen fjellbjørk med mykje å ta av. Gå mot Teigafjellet frå toppheisen fram til det begynner å gå nedover igjen. Her får du 600 meter førsteklasses frikøyring ned til bilvegen. Frå bilvegen kjem pudderbussen og plukkar deg opp 

Antall heisar: 5

Antall nedfartar: 6

Lengste nedfart: 1100 meter

Utanfor løypene. Det er fint å kombinere med ein lett start på topptur til Blåfjell eller Nonsholten

Under stabileforhold er kombinasjonen felletur over til Nonsholten og 950 høgdemeter storfjellskøyring ned til vegen ein vinnar.  

 

 

Føl oss på Instagram