Ingenting er som vår i Sognefjorden når lyset, lukta og naturen vaknar frå vinterdvalen. Fruktrær står i full blomst innramma av isblå fjordar og snødekte fjelltoppar - dei same fjella som beskytter dei små flekkane med fruktbar jord - utgjer eit forgløymeleg syn. Fjordbygdene langs Sognefjorden har fleire aktørar som tilbyr nydeleg eplemost eller sider frå fjorårets blomstring. Drikk og nyt!
Fossefall
I mai og juni vaknar mange dramatiske fossefall til liv etter vinteren. Når snøen og isen smeltar, er vatn nivået på sitt høgste, og fossane på sitt vakraste. I Sognefjorden kan du besøkje Vettisfossen i Utladalen som vart kåra til Norges vakraste foss og er Norges høgste frie fossefall med sine 275 meter. Andre fossefall i Sognefjorden
Fjord Cruise
Noko av det finaste med våren er å oppleva at naturen kler av seg vinterfrakken og blir grøn og frisk. Dagane blir lengre og varmare, sangfuglane går amok, og lufta av ferske granskudd riv i nasen. Fleire aktivitetsbedrifter tilbyr guida RIB tur der du kan oppleva den imponerande Sognefjorden i vår drakt og speide etter sel, nise eller ørn. Eller kva med Fjord Cruise på UNESCO Nærøyfjord som gir deg minne for livet?
Årets første bad i Sognefjorden
1. mai er ei magisk grensa - dei tøffaste tek årets første bad før denna datoen. Sognefjorden tilbyr fleire flotte badeplassar med brygge og stupetårn. Kaldt blir det!
Utnytt draumesesongen i skibakkane
På fjella er det ofte skiføre til slutten av april/begynnelsen av mai. Sognefjorden har fleire aktivitetsbedrifter med erfarne guidar som kan ta deg med til den beste snøen. NB! Hugs solkrem og solbriller da det kan være varmt i mai månad på fjellet der du kan kaste jakke og nyte våren. Skianlegga Sogn Skisenter og Sogndal Skisenter er også ope i slutten av april der køane er mindre og forholda i bakken er fantastisk for både liten og stor.