Sognefjorden er ikkje berre Norges lengste og djupaste fjord. Sognefjorden byr på ein heilt unik bygde- og kulturrikdom. Ein tur langs Sognefjorden tek deg med på ei reise frå eventyr til eventyr der du opplev vill og vakker natur, idylliske fjordbygder, spennande aktivitetar og fjordnær overnatting.
Der ingen skulle tro at nokon kunne bu, der finn du folkeliv og moglegheiter for overnatting og aktivitetar året rundt.
Frå den største bygda, Sogndal, med friluftsliv og høgskule og 7000 innbyggarar, til dei aller minste, som Solvorn i Luster, der du finn kafe, hotell, galleri, fergekai og daglegvarebutikk innafor ein radie på 40 meter.
Kver bygd har si eiga spesialitet. I Vik finn du Gamalost, i Leikanger har dei ein heilt fantastisk honning og i Flåm og Årdal finn du bryggeri som produserer nydelig drikke. I Balestrand kan du vandra i ciderens verden og i Gudvangen finn du ein heilt ny vikingelandsby.
Me ynskjer deg stolt velkomen til fjordbygdene våre!
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram