Overnatting, Mat & Drikke i Vik

Blix Hotell

I sentrum av Vikøyri finn du Blix-hotell med sin á la carte-restaurant. Frukost, lunsj og middag, eller kanskje berre eit besøk i baren og kafeen på kvelden?

Et steinkast unna, Vik Camping. Du finn endå to campingplassar lengre ut langs fjordråndi kun få minutts køyring frå Vik sentrum, Djuvik Camping og Tveit Camping, er av mange den absolutte favoritten. Begge med unik utsikt over Sognefjorden.

Andre flotte stader å bu kan vera på Alm Gard, eller dei meir avsidesliggande Arnafjord hytter. Hvis du bokstaveleg talt ynskjer å kome deg laus frå det heile prøv Otternes Fjordhytter eller den Finnabotnen Fjord Lodge. 

Begge stader er kun tilgjengeleg med båt, fåe stader får deg til å føla deg meir levande, der refleksjonane dine naturleg starter og lader batteriet.

Lokalmat og drikke i Vik

Vik har stolte matradisjonar med røtter tilbake til vikingtida. 

Viste du at Vik er kjend for den rike bærproduksjonen. I somarmånadane forvandlast grendene i Vik til eit «bærparadis». Du kan bli med å plukke dine eigne friske bær, eller smake på herlege bærprodukt dyrka av lokale bønder. Vik er den største leverandøren og produsenten av bringebær i Noreg. Ein favoritt er den lokale bringebærjuicen, den må du prøve!

Du må ikkje reise frå Vik utan å ha prøvd den lokale osten «Gamalost». Vik er landskjend for sin Gamalost og bærdyrkinga. Gamalosten er ein delikatesse med særeigen smak. Osten har røter heilt tilbake til vikingtida. Test den gjerne i restauranten på Blix hotel eller i Noreg sin einaste ostebar. 

Litt lenger innover i fjorden ligger Feios med Alm Gard som lagar økologisk iskrem av eigne gardsprodukt som eggeplommer frå nylagte egg mjølk frå kyr. Alm Gard Iskrem produsera økologisk fløyteis, youghurtis og sorbetis. Sorbetisen blir laga av frukt frå garden som bringebær, rips, plomme og epler. 

Velbekomme til ein smaksopplevelse i Vik. 

Føl oss på Instagram