Aktivitet & Attraksjonar i Vik

Vik leverar eit mangfald av naturopplevingar, heile året.

Fjordarmar omkransa av ruvande snødekte fjell om vinter, vår og tidleg somar. Der frådande elvar kastar seg utfor stup og fjellsider mot frodige dalbotnar og vert omdanna til ville me vakre fossefall gjer kraftige inntrykk for alle dine sansar. 

Arnafjord, Finnabotn, Fresvik og Feios. Småe grender med sine særpreg og i møtekomande men mektig natur.  

Nyt aktivitetar som fotturar, sykling, eller fiske i elvar, fjellvatn og i Sognefjorden. RIB-ratfing med Vik Adventure til veglause grender der tida mest står stille eller hesteridning på Alm Gard i Feios. 

Frå juni til 15. september har Glaciertour daglege avgangar med fjord cruise frå Vik til Balestrand og Fjærland der du kan oppleve Bøyabreen på nært hold og Norsk Bremuseum i Fjærland. 

Kultur og historie i Vik

Ein treng ikkje reise so langt frå Vikøyri for dei store opplevingane. Gamleøyri er den eldste delen av Vik sentrum, denne pittoreske delen av bygdi heng tett på den kjende fjordpromenaden. Og det er her heller ikkje lange beten å gå om ein vil til fjells.

Vik har ein rik historisk arv. Bygda er mellom anna nemt i Snorre Saga, og den eldste eplehagen me kjenner i skriftleg tekst i Noreg «Aldin» ligg fortsatt her. Det seiast at det budde tre gonger så mange innbyggjarar i Vik rundt vikingtida som i dag, at bygda har vore eit maktsenter syner også alle dei store gravhaugane. 

Kyrkjene i Vik

Hopperstad stavkyrkje vart bygd i siste halvdel av 1100-talet, stavkyrkja syner intrikate arkitektoniske detaljar og gjev ei godt innblikk i Noreg si middelalder tid. 

Hove steinkyrkje er også bygd i same tidsperiode og står der den dag i dag som eit vitnesbyrd om Noreg si religiøse histoire. Hove er ein av dei eldste steinbygningane ein finn i Noreg. To så monumentale og nasjonalt kjende bygg kan ein oppleva på eigahand. 

Men det er absolutt anbefalt å nytta guide for å få mest muleg utbytte om historia. Ei rik kulturell og dramatisk historie saman med Sylvringen gjev deg ei rik og djupare forståing om tidlegare liv i Vik. 

Føl oss på Instagram