Overnatting, mat & drikke på Leikanger

Leikanger kan skilte med to eksepsjonelle fjordhotell og ein camping med fjordutsikt, kvar med sin unike sjarm.

Det første, Leikanger Fjordhotel ei historisk perle frå 1900-tallet, var ein gang eit gjestehus for omreisande kjøpmenn og er det fortsatt. Hotellet har blitt restaurert, og gir eit innblikk i Leikanger sin historie. Hotellet har og ein liten SPA-avdeling og private fjordstrand.

Det andre hotellet Sognefjord Hotel, som ligger i fjordkanten, gir ein fantastisk utsikt over Sognefjordens asurblå fjord og fjella rundt. Det er det ideelle valget for reisande som ynskjer å vakne til bølgeskvulp og spektakulær utsikt.

I mellom finner du Systrond Camping. Dette er ei ekte skjult perle. Campingen har eiga privat strand, naust og sauna ved strandkanten av Sognefjorden.

Føl oss på Instagram