Aktivitet og Attraksjonar i Fjærland

 

Guida kajakktur på Fjærlandsfjorden

For dei som søker ein litt meir aktiv ferie kan bli med Fjærland Guiding på guida kajakktur på vakre Fjærlandsfjorden under majestetiske fjell.

Norsk Bremuseum

Dykk ned i hjartet av isbreen og besøk Norsk Bremuseum som er eit interaktivt museum der du kan eksperimentere med is frå Jostedalsbreen og lære om jordas klimaendringar. Her kan du sjå den spektakulære panoramafilmen og Jostedalsbreen Nasjonalpark og bli med på naturguiding i Fjærlands mektige breforma landskap. 

Dampen Sauna

For den ultimate oppleving; ta eit dykk i den kalde Sognefjorden og nullstill sansane dine i ei varm badstove.

Den Norske Bokbyen

I bokbyen, går dei fleste lesehestestane sin draum i oppfylling. Fjærland tilbyr eit utval av second-hand bokhandlar og små utsal. Denne sjarmerande bokbyen er ein herleg blanding av kultur, historie og ein djup respekt for dei skrivne ord.

Føl oss på Instagram