Vinter i Sognefjorden

Sognefjorden - Vinterfjorden

 

Sognefjorden eit vintereventyrland

Sognefjorden stenger ikkje ned sjølv med litt vinter.  Tvert imot så opnar det seg opp ei heilt ny verd, og det finst mange moglegheiter. 

Snøen treng eigentleg ikkje nærmare beskriving. Det er internasjonalt kjent at i Sogn so finn ein den beste snøen. 

Store ord tenkjer du..

Men lat oss forklare litt.

Indre halvdelen av Sognefjorden ligg langt nok inn frå kysten at klimaet vert mykje kaldare her enn lenger vest. Men Ikkje langt nok til at det ikkje kjem nedbør. Vestlandsnedbøren som ofte kjem som regn i vest, kjem som snø  i indre delar av Sogn. Saman med Jostedalsbreen som bidreg til nedkjøling får ein eit mykje meir stabilt vinterklima med større snømengder enn mange andre stader.  Dette gjer igjen til at snøen ligg lenger upåvirka enn i meir kystnære strøk.  Pudder snøen ligg lenger, og i større mengder. 

Vinteren er litt meir harsk, grov og kald enn ellers på året, så me kallar det berre for vikingsesongen. Ei rekke aktivitetar  som er populære på vinterstid er skikøyring, trugeturar, ribsafari, fjordfiske og kajakkpadling. Sognefjorden er ein leikeplass for vinterglade. Flåmsbana og frosne fossar, Fjord Cruise mellom isflak på fjorden. Ein varm sauna eller nyt utsikta av ein vinterkledd fjord frå ein heit stamp.

Isgrotte under Jostedalsbreen

Eit av høgdepunkta i Sogn er den blå isgrotta under Jostedalsbreen. Dette finn du berre i Sogn, og det er ei surrealistisk oppleving å vandre under breisen i det tindrande blå lyset. Ein treng guide for denne opplevinga, og ein må kunne gå eit stykke på ski eller truger. 

Trugeturar og hundeslede er andre opplevingar som gjev unike minner. 

Vinter på ski eller uten ski

Kvar kan du bu om vinteren ved Sognefjorden?

Desse aktivitetane må du oppleve ved Sognefjorden

Føl oss på Instagram