Opplev dei majestetiske nasjonalparkane i Sogn

 

Kring Sognefjorden ligg tre av Noregs nasjonalparkar. Jotunheimen, Breheimen og Jostedalsbreen. 

Nasjonalparkar i Sogn

 

Eit paradis for turglade friluftsfolk og fotturentusiastar. 

 

Jostedalsbreen nasjonalpark

Jostedalsbreen er den største isbreen på det europeiske fastlandet og den største kvite flekken du ser på norgeskartet! 

Isbrear utgjer om lag halvparten av arealet i nasjonalparken, som elles kjenneteiknast av tronge, frodige dalar og vatn i fri flyt som sprudlande fossar og elvar.

 

Jotunheimen nasjonalpark

Nasjonalparken har høge toppar, frodige fjelldalar og fjellvatn der du kan prøve fiskelykka.  Mange fjellplantar har høgderekorden sin her, og i dei bratte fjellskrentane finn fleire rovfuglar hekkeplass. Jotunheimen er eit eldorado for topptursamlarar, med alle norske fjelltoppar over 2300 moh. Hurrungane byr på legendariske klatretoppar, med Store Skagastølstind i spissen

 

 

Breheimen nasjonalpark

I Breheimen finn du både nokre av dei mest nedbørsrike og dei mest nedbørsfattige områda i landet. Området spenner frå nesten havnivå til godt over 2 000 m. Landskapet er forma av isbrear, skred og andre geologiske prosessar gjennom hundretusenvis av år. I dag finn du alt ifrå frodige stølsdalar til karrig høgfjell og isbrear, og Breheimen framstår som ein av dei mest varierte nasjonalparkane våre.

Breheimen har i mange år lokka fotturistar inn i fjellheimen. Men mange av turane er blant dei meir krevjande turane i Sør-Noreg, mellom anna fordi området er noko mindre tilrettelagt med stigar, og turisthyttene er stort sett sjølvbetjente. På fottur i Breheimen opplever ein stilla i naturen, med dalar, vidder og tindar.

Føl oss på Instagram