Vakre fossefall i Sogn

 

Naturens eigen symfoni

Sogn, ei reise til nokre av verdas vakraste fossefall.

Desse naturens underverk som har bergteke, forført og skremt folk gjennom hundrevis av år. 

Dei mest kjende fossane i Sognefjordregionen, kvar med si unike sjarm, er mellom anna: Kjelfossen, Vettisfossen, Kjosfossen, Feigefossen, Rjoandefossen, Brekkefossen, Åsafossen, Avdalsfossen, Hjellefossen, Bølifossen og Kvinnafossen.

 

Totalt er det kring 30 fossefall som er godt kjende og ofte besøkte rundt i Sogn. Men det er så uendeleg mange fleire, det er fossar over alt. Fleire hundre, ja sikkert fleire tusen. Ein kan fint reise på ei eiga fosse-oppdagings ferd. Turen fram til ein foss, historiene, segnene og den lokale tilknytninga er med og personifiserar desse flotte underverka. 

 

Vettisfossen, Årdal

 

Blendande vakre majestetar

 

På avstand ser fossar ofte ut som kvite arr i naturen. Men jo nærmare du kjem jo meir ser ein forvandlinga til det meir ville, dansande  og blendande vakre.  

Det er like skremmande som det er vakkert. Med stor vassføring er det ikkje uvanleg å høyre brølet frå fossane på fleire kilometers avstand. 

Naturen på sitt sterkaste

Det er viktig å syna aktsemd og respekt for naturens rå kraft. Hald deg alltid på trygg grunn og hald deg på trygg avstand til fossane, då det å gå for nært kan være direkte farlig. Fossar og elvegjel ligg oftast i bratt lende, og omgjevnadane er fuktige og glatte. Stor vassføring i fossar og elvar er store krefter i sving. 

Nedanfor kan du lesa meir om nokre av dei flotte fossane kring Sognefjorden.

Føl oss på Instagram