Kajakk & Rafting omkring Sognefjorden

 

Eit Kajakkeventyr heile året

 

Padle året rundt på Sognefjorden

Sognefjorden har i alle år invitert eventyrarar og seglarar til å utforska dette fantastiske området frå båt.

Ein av dei kansje flottaste måtane og der ein i alle høve kjem nærast er nok ombord i ein kajakk. 

Det er mange moglegheiter for ein padlar i Sogn. Fra iskalde brevatn til blanke fjellfvatn. Til ein smaragdgrøn fjordarm midtsommars til kvite snøflukser i januar på på Årdalsfjorden. 

Ein kan padle trygt og godt heile året. Det er ei uforgløymeleg oppleving, og med ein padleguide er det tilrettelagt for dei fleste ferdigheitsnivå, også for born. 

Sognefjorden er eit padleparadis året rundt.

 

Utforsk brevatn og fjellvatn

Førestill deg at du glir over eit stille iskaldt brevatn, omgitt av  isformasjonar i eit tilnærma arktisk landskap der den mektige brefronten frå Jostedalsbreen sin austlegaste del tygg seg ut i fjellvatn på 1200 meter over havet. Eller å oppdaga skjulte fjellvatn som speglar dei høge fjelltoppane og dei livlege fargane i den omkringliggjande naturen.

 

Guida turar og utleige for alle eventyrarar

Anten du er ein erfaren kajakkpadlar eller ein nybyrjar som ønskjer å læra meir , har Sognefjorden noko for deg.

Ei rekkje selskap i området tilbyr kajakkutleige, guida turar og kurs tilpassa ulike ferdigheitsnivå. Kunnskapsrike guidar leier deg gjennom dei beste turane og sørgjer for ei trygg og berikande oppleving, samtidig som dei gir deg innsikt til naturen på ein heilt ny og unik måte.

Møte med dyrelivet

Sognefjordregionen er ikkje berre ein fryd for auga, men også eit aldri så lite paradis for dyreentusiastar. Hald utkikk etter fjordsel, små niser eller dei mektige ørnene. Både kongeørn eller havørn svevar grasiøst over fjorden og lurar på kva du driv med der nede.

Desse dyra deler heimen sin med kajakkpadlarar, noko som skaper ein imponerande og unik kontakt med naturen.

Ei oppleving

Å padla gjennom dei ulike delane av Sognefjorden er ikkje berre ein kajakktur - det er ei reise inn i hjartet av alt frå urørt natur, til kulturlandskap og unike opplevingar. Dei nære møta med dyrelivet, det mangfaldige landskapet og dei stadig skiftande årstidene på ein dag, gjer dette til ei oppleving du bør ha med på di eiga opplevingsliste.

Anten du navigerer på isbrear om sommaren eller padlar under eit  snøfall midtvinters, lovar Sognefjorden ei eineståande og uforgløymeleg kajakkoppleving.

 

Sjå nokre av verksemdene som tilbyr både guida turar og utleige nedanfor.

Føl oss på Instagram