Budget Hotel, B&B, Vandrarheimar og Gjestehus

Den vakre utsikta frå gjestehusa langs Sognefjorden

Før du brukar opp alle pengane på eit fancy hotell så sjå på alternativer som vandrarheimar, hostell og gjestehus ved Sognefjorden. Dei kan tilby mange av dei same fasilitetane som eit hotell, men for ein lågare pris. Den vakre utsikta får du og på ein vandrarheim. På eit gjestehus eller eit hostell har meir personleg interiør og er ofte drevet av mennesker som bryr seg litt ekstra om gjesten sin. På grunn av dei mindre forholda så har dei kanskje meir tid til å slå av ein prat med deg og gi deg dei beste tipsa til kva du kan oppleva i regionen.

Fleire av gjestehusa, hostella og vandrarheimane tilbyr enkelt, dobbelt og familierom. Nokre av stadane tilbyr matservering, medan andre kan du lage mat på kjøkkenet sjølv.

Kven bur på gjestehus?

Der møter du alle typer menneskjer, ikkje berre på grunn av den låge prisen, men det er og veldig sosialt å bu der. Du deler fellesområde og kanskje sovesal og då treffer du folk frå heile verda.

Føl oss på Instagram