To pudderdagar i Sogndalsdalen

To dagar med pudderjakt i Sogndalsdalen.

To dagars guiding i Sogndalsdalen
Foto: Andreas Haslestad

Lokale guidar leiar an i jakta på den beste snøen i Sogndalsdalen. Du kan gå så høgt til fjells du vil, og turen kan godt starte rett utanfor dørstokken din! Turen vert tilpassa nivået og ønske i gruppa. Våre lokale guidar kjenner til kvar dei beste forholda er til ei kvar tid og kvar det er sikkert å ferdast. Sogndalsdalen er eit av dei beste og mest varierte frikøyringsområda i Norge og byr på utfordringar uansett skiferdigheiter.

Pakka inkluderer:
To dagars guiding til den beste snøen.
Overnatting i hytte i tre netter.

Frå 1950,- 

(pris pr pers ved 6 pers)

www.norgesguidene.no

Sist oppdatert   01.10.2010   Av   Øystein Sagabråten