Dagope skisenter

No held både Sogndal Skisenter (veke 8-11) og Sogn Skisenter (veke 7-13) dagope frå kl 10:30-16:00. I tillegg er det kveldskjøring fleire dagar i veka.

Hugs og at du no kan kjøpe Sognapass, felles heiskort for begge anlegga.

Sognapass

Sognapass er felleskortet for Sogndal Skisenter og Sogn Skisenter. Du får kjøpt både fleirdagarskort, sesongkort og sesongkort for familie. No kan du fritt velje kor du vil køyre. Med Sognapass køyrer du akkurat der du vil når du vil. Ta kontakt med skisentra for informasjon og prisar.

Sogn Skisenter
Sogndal Skisenter

Sogn Skisenter

Ved Hafslo, midt mellom Gaupne og Sogndal, ligg Sogn Skisenter. Her fraktar ein av landets lengste skitrekk deg effektivt opp i fjellet. Fleire stader undervegs er det mogeleg å stige av dersom du ynskjer det. I tillegg til hovedtrekket er det eige barnetrekk med tilhøyrande løyper. Totalt er det seks løyper å velge mellom, og det er glimrande laussnøkøyring i anlegget. I servicebygget finn du både billettkontor, skiutleige, kafe og varmestove.

www.sognskisenter.no

Sogndal Skisenter

I Sogndalsdalen, berre 10-15 min. frå Sogndal sentrum, ligg Sogndal Skisenter. Skitrekket er 1100 meter langt og det er fire nedfartar å velge mellom. Til 2009/10 sesongen sto i tillegg eit heilt nytt barnetrekk og løyper klart. Anlegget er kjend for å ha god laussnøkøyring, og det finst mange gode turar med utgangspunkt frå toppen av skiheisen. Den naturlege samlingsstaden i skisenteret er SIL-hytta. Denne vart både pussa opp og utvida til 2007/08 sesongen.

www.sogndalskisenter.no

Rediger innhold for webdel
Skikøyring i Sogndalsdalen

Det beste av fjord og fjell

 


Berre 10-15 minutt køyring frå Sogndal sentrum finn du Sogndal Skisenter i Sogndalsdalen og Sogn Skisenter på Hafslo. Her får du den perfekte ramma for skiferien i ei vennleg, avslappande og ekte atmosfære. Nybyrjarar og born kan boltre seg trygt i eigne barneområde, medan dei eventyrlystne finn flotte frikøyringsområde i og rundt skianlegga.

Plasseringa innerst i Sognefjorden med nærheit til fjorden, Jostedalsbreen og Jotunheimen gjev fantastiske tilhøve for toppturar og laussnøkøyring. Det er her Fimbul JostedalNorgesguidene og Breogfjell har sin leikeplass. Deira lokalkjende guidar tek deg med på spennande og utforskande turar i ein vakker og dramatisk natur. Klimaet som Jostedalsbreen skapar gir noko av den beste laussnøen du kan finne i Norge, og det er rikeleg av han...

Arrangement
Copyright © Hodlekve Skisenter

Sogndal Skisenter Hodlekve 40 år

40 års markering av Sogndal Skisenter Hodlekve som skidestinasjon laurdag 13. mars. Historie: Oddvar Uglum opna eit mindre tautrekk heilt frå kring 1970. Skihistorie i Sogndalsdalen blei etablert. Hodlekve Skisenter bygde alpinbakke med 1.015 meters...
13.03.2010 - 13.03.2010 (11:30)


Hot Club de Norvege

Hot Club de Norvege

-feirer Django Reinhardt 100 år! HOT CLUB DE NORVEGE er eit av Norges hottaste liveband, og er berømte for smittande speleglede og virtuose strengemusikk. Dei er kjende for dei fleste frå radio og TV, og har vore kontinuerlig på vegen sidan 70-tallet....
18.03.2010 - 18.03.2010 (20:00)


Berserk 2010 logo

Berserk 2010

Denne dagen er ein dag for heile familien med masse show! Det blir ein minifestival, og det heile startar med ein BIG JUMP konkurranse for både ski og snowboard der det vil delta inviterte køyrarar frå heile Norge. Etter konkurransen forsett showet med...
20.03.2010 - 20.03.2010 ()



Copyright © Arne N. Simonsen

Yoga weekend på Tørvis

Kom og opplev yoga i fjellheimen! Gjennom filosofiske betraktningar og biomekaniske prinsipp, fordjupar vi oss i yogaens mange spennande øvingar: dynamiske stillingar, djup avspenning, pusteøvingar, indre ro og meditasjon. La vårjevndøger og fjellet...
19.03.2010 - 22.03.2010 ()


Aasmund Sveen-seminar

Windows Live™HomeProfilePeopleMailPhotosMore ▼Calendar Events SkyDrive Groups Spaces Family Safety Mobile Downloads Office Live All servicesMSN ▼Home Autos Games Money Movies Music News Sports WeatherSearch the web Marianne ▼ Change picture Change...
20.03.2010 - 20.03.2010 (20:00 - 23:30)


Songen om den raude rubin

Songen om den raude rubin

"Sangen om den røde rubin" er blitt omtalt som ein av dei store norske etterkrigsromanene, og Agnar Mykle som ein av våre mest betydlege forfattarar. No blir det teater av boka! "Et vellykket dramatiseringsgrep og en ny Ask Burlefot",...
21.03.2010 - 21.03.2010 (19:30)



Motorpsycho + Supersilent

Konsert med Motropsycho og Supersilent. Heilt improvisert møter Supersilents jazz Motorpsychos tungrock. Saman skapar dei eit nytt uttrykk som blir ein fusjon av to kjerneuttrykk. Kvar konsert vil bli ei unik oppleving.
25.03.2010 - 25.03.2010 (22:00)


Eventyrdans

Eventyrdans

Med eit fysisk og leikent dansespråk har koreograf Øyvind Jørgensen latt seg inspirere av myter, sagn og folkeeventyr . Vi møter Rødhette og ulven, Piken med svovelstikkene og andre kjente figurar frå vår eventyrverd. Det er både skodespelarar og...
15.04.2010 - 15.04.2010 (19:00)


Etter Fjøstid

"Etter fjøstid"

"Etter fjøstid"- ein mann tek laust, er eit humorshow tettpakka med sylskarpe parodiar og spinnville karakterar. Showet av og med Roy Aron Myklebust, kjend frå mellom anna sommarrevyen i Stryn og Radio Røysi. Her møter du kjende stemmer og andlet frå...
17.04.2010 - 17.04.2010 (20:00)