Gardsmat og lokale råvarer

Lokale mattradisjonar i Sogn

Mattradisjonane i Sogn står sterkt, og her har ein til og med ein eigen festival for den urnorske gammalosten!

Fleire og fleire serveringsstader i Sogn brukar hovudsakleg lokale råvarer til alle rettar, og ein får gjerne servert leskande, heimepressa eplemost til. Gå heller ikkje glipp av den fantastiske bringebærjuicen som vert produsert her.

Området har også fått eit spennande mikrobryggeri i Flåm, som serverer heimebrygga øl etter gamle tradisjonar i ein vikinginspirert pub.

Morellprodusentane her har så gode varer at dei leverer til eksklusive stader, som Harrods i London, og det er ikkje utan grunn at den største produsenten av frukt- og bærprodukt i Norge (Lerum) kjem frå ei idyllisk bygd ved Sognefjorden.

Du vil sjølvsagt også kunne få servert rettar og drikkevarer som du kjenner frå andre verdsdelar, men unn deg uansett ein smak av Sogn!




Sist oppdatert   02.02.2010