Filtrer liste
Områder









Gardsmat og lokale råvarer

Gardsmat og lokale råvarer

Fleire og fleire serveringsstader i Sogn brukar hovudsakleg lokale råvarer til alle rettar, og ein får gjerne servert leskande, heimepressa eplemost til. NAM! 


Copyright © Haugen gardsmat

Aurland

Haugen Gardsmat

Haugen Gardsmat ligg i Flåmsdalen. Det er 4.generasjon som driv garden. Garden har bevarte og nye bygningar. Nytt bygg for slakting og foredling av kjøt, som...


Copyright © SJH-

Aurland

"Gardsbutikken på Sogn Jord- og Hagebruksskule"

Gardsbutikken på Sogn Jord- og Hagebruksskule har eit godt utval av eigenproduserte økologiske varer, som grønsaker og urter, frukt, lammekjøt, yoghurt, fleire...


Nigardsbreen Gjesteheim

Luster

Breheimsenteret Lunsj Restaurant

Torsdag 28. juli 2011 brann Breheimsenteret ned til grunnen. Men verksemda fortsett og personalet frå Breheimsenteret har sett opp turistinformasjon og ein liten café på Nigardsbreen Gjesteheim, som ligg ved innkøyringa til senteret. For større grupper er matserveringa lokalisert til Jostedal Hotell.


Aurland

Østerbø Turisthytte

Turisthytte i Aurlandsdalen med servering av frukost, lunsj og middag. A la carte , tradisjons- og lokalmat. Alle rettigheiter.


Copyright © Henjatunet

Leikanger

Henjatunet Eggjagarden AS

Vi tek i mot store og små grupper for omvising og servering. Det er gode parkeringstilhøve for 1-2 bussar. Vi viser deg korleis ein gard på eit klyngetun vart driven tidlegare og korleis garden vert driven i dag, med kombinasjonen sau og frukt. Vi tar også imot bestillingar på arrangement frå 5 til 48 personar. I Eggjastova frå 1765 kan du nyte eit godt måltid som er komponert etter årstida og mest stor vekt på økologiske og lokale råvarer. Vi har alle skjenkerettar.


Copyright © Den norske bokbyen

Sogndal

Kaffistova bok-kafé

Bok-kafé med heimebakst, toast, kaffi og vafflar. Ope kvar dag i frå 30.april til siste dagen i sesongen, som er 18.september. Kl. 10.00-17.30 (Frå kl.12 i lågsesong).


Copyright © SJH-

Aurland

Sogn jord-og hagebruksskule Servering - lokal mat

Ressurssenteret på skulen tek imot omvisning for små og store grupper på skulen og gardsbruket etter avtale. Oppdrag med servering på bestilling.


Walaker Hotel spisesal

Luster

Walaker Hotell - Restaurant

Restaurant på Walaker Hotell har hausta mange lovord mat og råvarene som blir brukt. Det vert komponert ein framifrå 4 retters meny kva dag, der ein brukar så...


Sogndal

Knaken Kafe

Knaken er ein heimekoseleg kafé i hjartet av gamle Kaupanger, drive av to arkeologar. Maten er alltid laga frå botnen av, basert på lokale og økologiske råvarer.


Hovedretten

Luster

Nørdstedalseter servering

Vi serverer mat med utsikt. Marius er kokken og samboer Tone er dessertdronningen. Urtene kommer fra egen hage, og lammet et oppvokst rundt Nørdstedalseter....


Ciderhuset i Balestrand

Balestrand

Ciderhuset - Servering

I juli månad kan ein, på dagtid, legga turen innom Ciderhuset og få ein smakebit av middelhavet . Eit godt turforslag vil vera – spasertur utover langs...


Urnes gard servering

Luster

Gamlefjøsen Kafé

I den gamle driftsbygningen på Urnes gard og hjortefarm finn du "Gamlefjøsen" kafé. I rustikke og koselege omgivnader kan du nyte kaffi og kaker, vafler, smårettar basert på lokale råvarer og kald drikke laga på garden. Råvarer frå garden - frukt, bær og hjortekjøt er viktige ingrediensar.