Det økologiske gardshotellet Frøys hus ligg på ein svarthyllgard omgjeve av eit frodig kulturlandskap. Midt i Sognefjorden ved Nærøyfjorden Verdsarvområde, i den vesle bygda Fresvik finn du oss.
Me har renovert eit vakkert laftahus frå Gudbrandsdalen og tilbyr no fem sjarmerande dobbeltrom med bad.
På Frøys kjøken lagar me naturleg og sunn mat som me sjølve er glade i, basert på gode råvarer frå Sogn. Me ynskjer å levere ekte, usminka mat, med skånsom behandling av råvarene.
Frøys hus gjev ei flott ramme for mindre møter med ei intim atmosfære. Me tek gjerne i mot leiargrupper, styremøter, forskargrupper eller andre som ynskjer å halde mindre møter eller kurs.
Velkomne til Frøys hus og Fresvik!