Skriv utSkriv ut

Aurlandsskoen Èconomusèe


Avstander
Aurlandsvangen0 Km
Fasiliteter

Generelle fasiliteter

Åpent hele året


Kontakt
Adresse:
5745 Aurland

Telefon57 63 32 12
Faks57 63 33 85
E-postpost@aurlandskoen.no
Webwww.economusee.no


Beskrivelse

Aurlandsskoen har vore eit kjennemerke for Aurland gjennom det meste av 1900-talet. Den første typen vart utvikla alt i 1908. Det var snøreskoen med svidd mønster oppå sjølve skoen. Skoen var med på utstilling i Bergen 1910 og vart påskjøna med pris her. Den typen Aurlandssko som me kjenner, mokasina, kom i full produksjon sist i 1930-åra.
Produksjonen av skoen var på sitt høgste i 1950- og 60-åra. Både i 1958 og 1960 vart det produsert i overkant av 100 tusen par. Om lag
90 personar arbeidde i skoproduksjon på den tida, både heil- og deltidstilsette medrekna.
I alt kring 18 verksemder driv produksjon av Aurlandsskor på 1900-talet, dei aller fleste i Aurland, men og nokre i Flåm. Då reknar ein verksemder frå dei heilt små, som var aktive over eit kortare tidsrom, og til dei meir solide. Då kraftutbygginga kom i gang kring 1970, la fleire verksemder ned produksjonen. Skomakarane fekk betre betaling på anlegget og drog difor dit. Sidan 1970-75 har Aurland Skofabrikk, med kring seks tilsette, vore åleine om å produsera den kjende Aurlandsskoen. I dag, ved byrjinga av eit nytt hundreår, blir skoen framleis produsert.

Frå 01.07.2009 vart Aurland Skofabrikk til Aurlandskoen Economusèè. Målsetninga er å marknadsføra og halda i live tradisjonelle handverksfag og bevara handboren kunnskap.
Verksemda opnar dørane sine for publikum og byr på lærerik og interessant oppleving.
Utstillingsområde, der historien bak produksjonen vert forklart og vist fram gjennom tekst, bilete og gjenstandar.
No vert aurlandsskoen produsert i fleire fargar.

Tider
01.01.2013 - 31.12.2013Mandag - Søndag08:00-16:00