Skriv utSkriv ut

Flåmsbana


Avstander
Flåm0 Km
Fasiliteter

Generelle fasiliteter

Åpent hele året


Kontakt
Adresse:
Pb. 75
5742 Flåm

Telefon57 63 21 00
Faks57 63 23 50
E-postflaamsbana@visitflam.com
Webwww.flaamsbana.no


Beskrivelse
Opplev Flåmsbana - ei utruleg togreise mellom høyfjellstasjonen Myrdal på Bergensbanen ned til Flåm stasjon heilt innerst i Aurlandsfjorden. Det finst ingen anna adhesjons-jernbane på normalspor i heile verda som er brattare enn Flåmsbana. Høgdeskildnanden er på 865 meter.

Bygginga av bana vart starta opp i 1923 og strekninga vart opna for dampdrift i 1940, men først i 1944 vart den elektrisert. Bana går i sløyfer på fleire nivå inn og ut av fjellet i bratte stigningar og knappe svingar for at toget kan snegle seg opp og ned dei bratte hengene. Nesten 80 % av jernbanesporet har ein stigninggrad på 55 promille -dette tilsvarar ein stigning på 1 meter på 18.

Toget brukar ca. 1 time på dei 20 km gjennom den tronge og bratte Flåmsdalen. Med utsikt til fossefall og mektige fjell køyrer toget sakte eller stoppar ved dei aller finaste utsiktstadene som ved Kjosfossen. Bana har 8 haldeplassar der passasjerane kan stiga på/av toget dersom dei vil gå til fots eller sykla. Dei fleste tog har korrespondanse med tog på Bergensbanen. Avgangar på Flåmsbana er frå 4 daglege avgangar oktober - april til 10 daglege avgangar mai-september.
For å lære meir om Flåmsbana si historie anbefaler me eit besøk ved Flåmsbana Museet. Ope heile året. Mai-september 09.00-17.00. Reduserte opningtider utanom denne perioden.

Rute-/prisinfo: www.flaamsbana.no


Priser

Periode

Type

Pris fra

Pris til

Kommentar

01.01.2013 - 31.12.20131 personBarn280,00280,00Tur/Retur
01.01.2013 - 31.12.20131 personVoksen380,00380,00Tur/Retur
01.01.2013 - 31.12.2013Tur/returFamiliebillett900,00900,002 voksner + 2 barn
01.01.2013 - 30.04.20131 personGrupper min. 10 pers.286,00286,00Tur/Retur
01.05.2013 - 30.09.20131 personGrupper min. 10 pers.342,00342,00Tur/Retur
01.10.2013 - 31.12.20131 personGrupper min. 10 pers.286,00286,00Tur/Retur