Vi tek i mot store og små grupper for omvising og servering. Det er gode parkeringstilhøve for 1-2 bussar. Vi viser deg korleis ein gard på eit klyngetun vart driven tidlegare og korleis garden vert driven i dag, med kombinasjonen sau og frukt. I Eggjastova frå 1765 kan du nyte eit godt måltid som er komponert etter årstida og mest stor vekt på økologiske og lokale råvarer.
Service:
Vi serverer alle typer måltider til lukka lag. Vi baserer oss på lokale - og i størst mogeleg grad økologiske - råvarer og tradisjonell bruk av desse i kombinasjon med moderne matkunst. Du får også ein orientering om gardsdrifta og livet langs fjorden, før og no, samt at verten gjerne tar ein song. Vi har alle skjenkerettar.
Salg: I fruktsesongen er det mogeleg å kjøpe eple, pærer og plommer i kasser eller i lausvekt. Kom innom for å smake! Vi sel også fruktsaft - enten ferdig pressa eller du kan presse safta sjølv!Aktivitetar:
I tillegg til lukka servering kan vi tilby omvising av grupper på Henjatunet. Du kan få sjå døme på eitt av dei etter kvart få attverande klyngetuna på Vestlandet som framleis har aktiv jordbruksdrift. Vi kan vise korleis ein tradisjonell Vestlandsgard driv med sau og frukt, både moderne driftsformer og korleis drifta har vore i den nære fortida opp til i dag. Vi kan ta på oss spesielle arrangement som "blåturar" eller "forretningsbesøk", som inkluderer turar til fots i fjellet eller på isbre, rideturar, fjordcruise og andre spesialtilpassa turar. Alle turar med lokalkjent vegvisar.