Turtagrø og Hurrungane er kjent som fjellsportens vogge i Norge sidan dei fyrste pionerane starta å klatre i fjellet på 1870-talet. Turtagrø er ein samlingsstad for fjellfolk som bruker området til frikøyring på ski/snowboard, vårskiturar, fjellvandring langs merka stiar, toppturar, breturar og fjellklatring. Her finner du ikkje minst fred og ro i vakker natur. Hovudbygninga er tegna av Jarmund Vigsnæs og vart reist i 2002, etter brannen som la hotellet i ruinar året før. Bygninga har overflod av lys og spektakulær utsikt over tindane i Hurrungane som Skagastølstindene. Bratte tak, tårn og skråstilte glas speglar forma på fjella omkring. Vi har et godt utvikla føringstilbod til toppar som Store Ringstind (ski/bretur), Store Skagastølstind (klatring), Lavskar (bretur) og Dyrhaugsryggen (tinderangling). Hotellet opnar i påska, og held ope til primo oktober!
Aktivitetar:
Ideelt utgangspunkt for vårskiturer, vandreturer i merkede ruter, toppturer, brevandring, fjellklatring og fjordbesøk til bl.a Urnes stavkirke, på UNESCOS liste over verneverdige kulturminner. Se www.norgesguidene.no for fjellføring.
Turtagrø ligger ved oppstigningen til Sognefjellsveien riksvei 55, 14 km fra Skjolden i Sogn og Fjordane.