I Sogn bur du godt langs smaragdgrøne fjordar, inntil blå brear, under mektige fossar, på idylliske gardsbruk og høgt til fjells mellom steile tindar.
Dei mest kjende hotella i Sognefjordområdet er dei historiske og romantiske hotella, men det finst også mange andre heimekoselege, familiedrivne hotell og kjedehotell.
I Sognefjord finn du mange idylliske campingplassar der du kan sette opp teltet ditt, parkere campingbilen eller leige deg ei koseleg hytte.
Sognefjord er også spesielt kjent for å ha svært mange hytter, sjøbuer, leilegheiter og feriehus med god standard, og dei idylliske campingplassane har hytter i alle størrelsar og prisklassar.
Kjem du med eigen båt til Sognefjorden finn du fleire koselege gjestehamner og marina. Kontakt turistkontora for meir informasjon.
Overnattingsbedriftene ved Sognefjorden har ein fleire hundre år gammal tradisjon som vertskap for både rike og fattige eventyrarar, så her finn du både tradisjonsrike og moderne pensjonat, motell og vandrarheimar.
I fjella kring Sognefjorden finn du svært mange trivelege fjellstover og turisthytter. Her kan du også sove på den høgstliggande DNT-hytta i Norge, på Fanaråken.
Kva med å bli med vertskapet på sykkeltur eller fjelltur, sove i telt i frukthagen, plukke bringebær til eigen dessert, mate lam med tåteflaske, bli varta opp i badestampen utandørs eller synge med når verten spelar piano til deg?
Gamle og ustøttet nettlesere vil forsinke lasting tid på websider, og redusere den generelle kvaliteten på ditt besøk på denne siden.
Det anbefales at du oppgraderer nettleseren din før du fortsetter. Vi har tatt med to foreslåtte løsningene nedenfor. For andre alternativer, kan du besøke http://www.whatbrowser.org/.
Hvis du ønsker å fortsette uten å oppgradere, bare lukke denne dialogen.