Gudvangen og Nærøyfjorden

Gudvangen ligg på landtunga der Nærøyfjorden møter Nærøyfjorden. Området er kjend for sine spektakulære bratte fjellsider, og er på UNESCO si verdsarvliste.

Gudvangen
Foto: Tom Kjøde, Ekstremsportveko

Nærøydalen er kjend for sine bratte fjellsider, og ein frodig flat slette i bånn. Lengst sør i Nærøydalen svingar gamlevegen Stalheimskleiva seg opp stupbratte fjellsider. Om du er heldig kan du sjå basehopparar kaste seg ut frå dei høge stupa som omkransar dalen. Plassen er nemleg rekna blant dei beste områda for basehopping i verda.

• Prøv vårt nye basehoppar-spel!

UNESCO-verna Nærøyfjorden er kjend for å vere særs vakker, vill og dramatisk. Langs fjorden har det budd folk gjennom alle tider. I dag ser vi små gardar attmed fjorden og oppe i fjellsidene, der det enno bur folk nokre plassar.

Gudvangen ligg mellom Voss og Lærdal, i Aurland kommune.  Namnet kjem av «goter», far i terrenget etter skreder gjennom alle tider, og «vang» ei stor slette. Her finn ein enkel overnatting på campingplass og i hytter. Ein kan og bo i Flåm eller på på Stalheim hotell om ein vil utforske området. 

Det er lett å nå Gudvangen og Nærøydalen med eigen bil eller buss. Om sommaren går det og ein turistrute i trekantsamband mellom Gudvangen, Lærdal og Kaupanger. Les meir hos Fjord1.

Sist oppdatert   28.06.2010  
RELATERTE PRODUKTER

Aurland

Bilferje på Nærøyfjorden

Verdas vakraste ferjetur - på UNESCO si verdsarvliste Ferjeturen Lærdal-Gudvangen-Lærdal på Nærøyfjorden er Norges mest kjende ferjetur. Reiser du tur/retur får du 6 timar til å slappe av og oppleve det vakraste og mest dramatiske del av dei norske...