I Sognefjord-området kan du oppleva det meste, anten du er sprek og eventyrlysten, eller vil ha ein roleg ferie med der kultur, vakre landskap og matopplevingar står i fokus. Sognefjord-regionen består av kommunane Aurland, Balestrand, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal. Fellesnemnaren er høge fjell, vakre fjordar, eit landskap prega av brear og vakre vassdrag og ei rik og levande historie.