Regionsenteret i Indre Sogn har ca 7000 innbyggjarar og i skuleåret har bygda omlag 2000 studentar og skuleelevar i tillegg. Om sommaren er vi vertskommune for turistar frå alle verdshjørne som let seg fascinere av kontrastane området har å by på: knallblå fjord, kritkvite fjell, saftiggrøne marker, og gullgule markblomster under rosakledde frukttre.
Dei tre største tettstadane i kommunen er Sogndal, Kaupanger og Fjærland. Sjølve Sogndal sentrum er tett busetnad, og det er kort veg mellom alle dei viktige funksjonane. Det vert stadig meir populært å bu så nær sentrum som mogeleg, både mellom unge vaksne og eldre. Kommunen og studentsamskipnaden har i tillegg ein felles plan for å sikre at alle utleigebustader retta mot studentar, er av høg kvalitet. Frå Sogndal og 15km mot sør ligg Kaupanger med sprett busetnad, og 34km mot nord vest ligg Fjærland med spreidd busetnad og som har fleire områder som er naturreservat.
Kommunen har ei ungdommeleg befolkning. Kanskje er Sogndal den kommunen i landet med lågast gjennomsnittsalder når ein reknar med alle studentane og alle dei som er knytte til vidaregåande skule og folkehøgskulen.
Auka trivsel og fleire innbyggjarar er hovudmålet til Sogndal kommune.Når du kjem til kommunegrensa Sogndal så møter du dette skiltet: ”Bli med på laget”. I Sogndal kommune ynskjer vi at innbyggjarane skal samarbeide for å skape utvikling og framgang for einskildmenneske, organisasjonar og verksemder. Gjennom dette samarbeidet skal vi lukkast.
Sogndal er stort nok til å gje deg mangfald, men lite nok til å gje oversikt, tryggleik og nærleik.
Bli med på laget!
Kjelde: www.sogndal.kommune.no