Skriv ut
		Skriv ut

Jostedal


Kart

Kontakt
Adresse:
Telefon97600443
Telefon97600443
Faks57686263
E-postinfo@visitsogn.info


Beskrivelse

Omkrinsa av brear ligg Jostedalen mellom Jostedalsbreen nasjonalpark og Breheimen nasjonalpark i nasjonalpark-kommunen Luster.

Bygda Jostedalen strekkjer seg gjennom dalen med same namn opp frå Sognefjorden i Gaupne. I dei mange smågrendene som utgjer bygda, frå Myklemyr i sør til Fåberg i nord, bur til saman 420 menneske. Vesle Jostedalen har ein av landets høgste konsentrasjonar av utdanna tindevegleiarar. Kvar sommar vert bygda fylt av breførarar, kajakkguidar og andre som driv med aktivitetsturisme som rafting og riding. I 2008 arbeidde folk frå tolv nasjonar i Jostedalen. Mange kjem att år etter år, og mange har blitt her. Dei har gjort Jostedalen til heilårsbustad.

I dag går 32 ungar på Jostedal skule og 10 i barnehagen i bygda. Ved skulen finst det gymsal, symjehall, kunstgrasbane, ballbinge og lysløype. I grenda Gjerde, òg kalla byen, er det to daglegvarebutikkar og eit heilårsope hotell der bygdefolket møtest heile året. Om sommaren opnar òg Breheimsenteret, slik at me har to godt besøkte møteplassar for middag, treff om kvelden og konsertar. Det unike med Jostedalen er kombinasjonen av dei to uteliva: Her er både eit oppegåande friluftsmiljø og ein oppegåande kafétradisjon for å ta ein kaffi, ei øl og ein prat.

Jostedalen ligg i Luster kommune som nett er blitt kåra til Noregs beste. Kommunen er økonomisk robust og har godt utbygde kommunale tilbod. Her er vatn i kvart basseng og fine idrettsanlegg, her er gode tilskotsordningar for bedriftsetablering og for husbygging, her er gode skular og barnehageplass til alle.

Relaterte produkter
Copyright © Iren Vatne

Luster

Breheimen Nasjonalpark

I Breheimen Nasjonalpark er mangfaldet stort. Naturen varierer frå grøne dalar til snaufjell og breområde. Området heng saman med Jostedalsbreen Nasjonalpark og gjev gode høve for såvel fotturar og skiturar, som brevandring, klatring og toppturar. I...

Copyright © Breheimsenteret National Park Center

Luster

Breheimsenteret Lunsj Restaurant

Ligg ved foten av Nigardsbreen, den lettast tilgjengelege brearmen på Jostedalsbreen. Museum, souvenirshop, lunsjrestaurant. Booking for breturar og Icetroll Glacier Lake Kayaking. Sesong: 1. mai- 30. september. Restauranten er perfekt for grupper som kan kombinere besøk på Nigardsbreen med lunsj på Breheimsenteret. Pakkeprisar for turoperatørar.

Copyright © Luster Reiselivslag

Luster

Breheimsenteret, Jostedal

Breheimsenteret er eit informasjonssenter for Jostedalsbreen Nasjonalpark, og ligg vakkert til i Jostedal - med utsyn mot Nigardsbreen. Utstillingane her tek deg med på ei reise gjennom 20000 år, der du lærer om breen som naturfenomen, og om korleis breen har forma landskap og livsvilkår.

Kajakktur kombinert med bretur

Luster

Brevandring og kajakkpadling, Jostedalen / Luster

IceTroll tilbyr guida breturar kombinert med kajakkpadling på brevatn i Jostedalen, Luster. Du kan vere med på både dagsturar og overnattingsturar i denne ville naturen. Turane kan kombinerast med JostedalsBrebussen www.jostedal.com/brebussen

Jostedal Camping (hyttene)

Luster

Jostedal Camping

Jostedal Camping, har gode tilbod på overnatting i små og store campinghytter i Jostedalen, nær Jostedalsbreen Nasjonalpark og Sognefjorden. Flott utgangspunkt for fjell- og breturar. 100 m til butikk, hotell/kafe og bensinstasjon. 12 hytter totalt, 10 eit- og toroms, og 2 nye høgstandardhytter frå 2007. Nytt sanitæranlegg(2007). God plass til telt.

Copyright © Jostedal hotell

Luster

Jostedal Hotell

Koseleg familiedrive hotell nær Nigardsbreen. Flotte turområde i og ved Jostedalsbreen Nasjonalpark. 46 senger, møterom, salongar. Tradisjonell, heimelaga mat med produkt frå eigen gard. Jostedal Hotell sørgjer for at du får eit triveleg opphald i Jostedalen, og garanterer personleg service i heimekoselege omgjevnader.

Jostedal Hotell spisesal

Luster

Jostedal Hotell Kafe & Bar

Jostedal Hotel Kafe & Bar serverer eit variert utval av varme og kalde rettar. Me fokuserar på tradisjonell heimelega mat, og nyttar i stor grad produkt frå eigen gard. Me har salongar og lokale til kurs, konferanse, møte og fest. Den nyrestaurerte smørstova frå tidleg 1800-tal er perfekt til spesielle arrangement. Ope heile året.

Jostedalsbreen Nasjonalpark

Luster

Jostedalsbreen Nasjonalpark

Nesten halvparten av Jostedalsbreen Nasjonalpark er dekka av den største isbreen på det europeiske fastlandet - Jostedalsbreen. Denne nasjonalparken er kjenneteikna av ei enorm spennvidde i naturtypar innan korte avstandar. Her er alt frå frodige dalar til karrige fjell- og isbrelandskap, og ein kort fottur i dette området er som å gå frå ei årstid til ei anna.

Copyright © Finn Loftesnes

Luster

Nigardsbreen

Dette er ein av dei lettast tilgjengelege brearmane. Etter ein kort båttur over brevatnet kan du komme tett inn til blåisen på eiga hand, eller bli med breførarar opp på isen.

Copyright © Nigardsbreen camping

Luster

Nigardsbreen Camping

God campingplass ved foten av Nigardsbreen. Perfekt for turar på breen eller i dei mange dalane inn mot Jostedalsbreen nasjonalpark.500 meter frå Breheimsenteret.Hytter og god plass til telt.