Idérik bygd sett pris på!
Fjærland fekk høgthengjande pris på fylkestinget.
– Vist seg som ei kreativ bygd. Noko av forklaringa for tilflyttarar og nye idear. Gjennom bokbyen har gamle bygningar blitt teke i bruk og teke vare på. Rundballefestivalen er blitt eit varemerke, sa leiar i utval for plan- og næring, Kjartan Longva (Ap).
Han meiner at bygda blir som ein kontruktiv motspelar til utviklingsarbeidet i kommunen. Set pris på å kome til ei velstelt bygd som er open for alle.
Bygdautvalet ved leiar Hans I. Haugen, Eline Orheim og Jo Marius Bøyum tok i mot prisen, og fekk stor applaus frå ein fullsett fylkestingssal for sin innsats for lokalsamfunnet i Fjærland.
Tekst : Geir Bjarte Hjetland/Sogn Avis