Fly

Widerøe har fleire daglege avgangar frå Oslo og Bergen direkte til Sogndal Lufthamn heile året. Flyturane tek omlag 30 min. frå Bergen og 45 min. frå Oslo. Det finst også fleire andre ruter til og frå Sogndal.

Fly
Foto: Leif Bergum

Innflyginga over Sognefjorden til Sogndal Lufthamn er i seg sjølv ei stor oppleving på dagar med klarver, så pass på å sikre deg eit sete ved vindauga. Du landar dessutan på ein fjelltopp, så hald kameraet klart når du på den svingete vegen ned til fjorden.

For rutetider og bestilling sjå www.wideroe.no

Sist oppdatert   27.02.2010   Av   Iren Vatne