Det er lett å komme til Sognefjorden med bil frå alle kantar av landet, og å køyre ein av dei vakre fjellovergangane som fører til Sognefjorden, er i seg sjølv ei stor oppleving.
For informasjon om vegar og køyreforhold sjå på nettsidene til Statens Vegvesen eller ring dei på tel. 175. Moderne veganlegg med ferjer og tunnelar gjer det dessutan lett å ta seg fram med bil i heile Sognefjordområdet. Sjå www.fjord1.no for ferjeruter på Sognefjorden.
Til /frå regionsenteret Sogndal:
Frå / Via / Km / Køyretid
Oslo via Gol / Hemsedal 330 km, 5 t.
Oslo via Fagernes / Filefjell 350 km, 5,5 t.
Oslo via Lillehammer / Lom / Sognefjellet 495 km, 7 t.
Bergen via Voss / Lærdalstunnelen 235 km, 3,5 h.
Bergen via Gudvangen / Nærøyfjorden (ferje til Kaupanger) 162 km, 4 t.
Bergen via Voss / Vikafjellet 220 km, 4 t.
Bergen via Lavik / Balestrand 255 km, 4 t.
Trondheim via Otta / Lom / Sognefjellet 420 km, 6 t.
Trondheim via Otta / Stryn / Skei 550 km, 7 t.
Kristiansand via Haukeli / Odda / Voss 540 km, 8 t.