Kom til Sognefjorden!

Den inste halvdelen av Sognefjorden ligg sentralt plassert i Sør Norge, ved grensa mellom aust- og vestlandet.

I tidlegare tider var fjorden nesten den einaste ferdselsåra for dei som ville komme hit, men etter kvart har moderne veganlegg gjort det lett å komme til området frå alle kantar av landet. Dersom ein i dag vel dei kortaste rutene til fjorden, tek det t.d. berre 2-3 timar å køyre frå Bergen, 4-5 timar frå Oslo og 5-6 timar frå Trondheim. Planleggingskart frå Google finn du her

Sist oppdatert   31.01.2010   Av   Iren Vatne
Eigen bil

Med eigen bil til Sogn

Det er lett å komme til Sognefjorden med bil frå alle kantar av landet, og å køyre ein av dei vakre fjellovergangane som fører til Sognefjorden, er i seg sjølv ei stor oppleving.

Ekspressbuss

Med buss til Sognefjord

Komfortable ekspressbussar køyrer kvar dag til og frå Sognefjordområdet heile året. Sogndal er trafikknutepunktet i i området. Ombord i ekspressbussane kan du slappe av og nyte utsikta.


Ekspressbåt

Ekspressbåt

Heile året har moderne ekspressbåtar daglege avgangar frå Bergen sentrum til Sogndal. På turen innover Sognefjorden er desse båtane innom både Vik, Balestrand og Leikanger.

Fly

Fly

Widerøe har fleire daglege avgangar frå Oslo og Bergen direkte til Sogndal Lufthamn heile året. Flyturane tek omlag 30 min. frå Bergen og 45 min. frå Oslo. Det finst også fleire andre ruter til og frå Sogndal.


Tog

Tog

Fleire gonger dagleg korresponderer tog frå/til Bergen og Oslo med den bratte og spennande Flåmsbana, som går frå Myrdal stasjon oppe på fjellet, og heilt ned til Flåm stasjon ved fjorden.