I Sognefjord finn du fleire av dei største attraksjonane i Norge, som både nasjonalparkar, nasjonale turistvegar, UNESCO verdsarv og mykje meir.
Aurland
Nærøyfjorden
Den vakraste og villaste av sidearmane til Sognefjorden. Fjordcruise i eineståande ramme av stupbratte, snødekte fjell, ville fossefall og levande kulturlandskap. Små gardar som klamrar seg fast til liene. Fjorden er 17 km lang og på det smalaste er den...
Les mer om Nærøyfjorden
Flåmsbana
Opplev Flåmsbana - ei utruleg togreise mellom høyfjellstasjonen Myrdal på Bergensbanen ned til Flåm stasjon heilt innerst i Aurlandsfjorden. Det finst ingen anna adhesjons-jernbane på normalspor i heile verda som er brattare enn Flåmsbana....
Les mer om Flåmsbana
Luster
Jostedalsbreen Nasjonalpark
Nesten halvparten av Jostedalsbreen Nasjonalpark er dekka av den største isbreen på det europeiske fastlandet - Jostedalsbreen. Denne nasjonalparken er kjenneteikna av ei enorm spennvidde i naturtypar innan korte avstandar. Her er alt frå frodige dalar til karrige fjell- og isbrelandskap, og ein kort fottur i dette området er som å gå frå ei årstid til ei anna.
Les mer om Jostedalsbreen Nasjonalpark
Jotunheimen Nasjonalpark
Heile Jotunheimen nasjonalpark er prega av høge fjell og brear, og her finn du dei høgste fjella i Norge. Dei tre høgste toppane er Galdhøpiggen (2469 moh), Glittertind (ca. 2465 moh) og Store Skagastølstind (2405 moh).
Les mer om Jotunheimen Nasjonalpark
Sognefjellsvegen (Rv 55)
Den nasjonale turistvegen over Sognefjellet mellom Luster og Lom er den høgste og kanskje mest imponerande fjellovergangen i Nord Europa (høgste punkt 1430 moh). Her kjem ein tett inn på den majestetiske naturen i Jotunheimen Nasjonalpark.
Les mer om Sognefjellsvegen (Rv 55)
Årdal
Vettisfossen
Med eit fritt fall på 275 meter er Vettisfossen det høgste verna fossefallet i Norge. Denne fossen, som har vore freda sidan 1924, kan du nå til fots i vakre Utladalen i Øvre Årdal. I boka "Under Storen" kallar forfattar og fotograf Jan Schwarzott denne...
Les mer om Vettisfossen
Nigardsbreen
Dette er ein av dei lettast tilgjengelege brearmane. Etter ein kort båttur over brevatnet kan du komme tett inn til blåisen på eiga hand, eller bli med breførarar opp på isen.
Les mer om Nigardsbreen